Politi | 29. aug. 2023

Gut observert då han prøvde å køyra på bakhjulet

– Han la seg flat.

Gut observert då han prøvde å køyra på bakhjulet
MC-førar blei stoppa nær Nore Neset barneskule. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. aug. 2023 09:34

Måndag i 22.30-tida observerte politiet ein ung motorsyklist som prøvde å køyra på eitt hjul.

– Vedkomande, ein gut i vgs-alder, la seg flat og innrømte at han prøvde å køyra på bakhjulet, men ikkje fekk det til, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

– Motorsyklistar risikerer førarkortbeslag ved slik leik i trafikken, og dei som eventuelt driv med motorsport blir i så fall ekskludert frå køyring på bane.

Denne gong blei det ikkje oppretta sak.

– Guten blei irettesett og fekk ei åtvaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.