Brann og beredskap | 20. des. 2022

Fekk melding om gneistar frå lyktestolpe

Brannvesenet rykte ut med lift i Landboden.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. des. 2022 19:31

Tysdag ettermiddag rykte Bjørnafjorden brann og redning ut til Landboden.

Litt før klokka 17.30 hadde det kome melding om gneistring frå ein lyktestolpe mellom Giskavollen Parkering og Kløvertun.

– Vi rykte ut med lift, og kom oss opp for å sjå om vi kunne oppdaga noko feil, men det var ikkje noko å sløkka, seier varabrannsjef Erik Walden.

– BKK Nett var også lynraske på staden, dei kom rett etter oss, legg han til.

BKK overtok oppdraget og brannvesenet retuernerte. Det er i skrivande stund ingen straumbrot i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.