Lokal | 21. mars 2019

Fjellheim-forhandlingane: Perspektiv og planar

Er det realistisk å driva Fjellheim vidare som kulturhus? Bør kommunen ha is i magen? Vil potensiell kjøpar koma tilbake for å søka om støtte?

Fjellheim-forhandlingane: Perspektiv og planar
F.v.: Marie Bruarøy og Nils-Anders Nøttseter skal saman med Terje Søviknes avgjera om Rolf Lunde med Glass & Tre AS får kjøpa Fjellheim for 6 mill. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2019 13:10

I oktober i fjor la Os kommune Fjellheim ut for sal for 10 millionar kroner, tysdag denne veka fortalde Rolf Lunde frå Glass & Tre AS at han sto bak bodet på 5 millionar, som eigedomsutvalet i Os kommune takka nei til. Og at han hadde plan om å driva Fjellheim vidare som kulturhus, med klausul som seier at han innan eit visst perspektiv ikkje kan søka eigedomen omregulert til for eksempel bustad eller annan type drift.

I går auka han bodet til 6 millionar kroner, eit bod Terje Søviknes (Frp), Marie Lunde Bruarøy (H) og Nils-Anders Nøttseter (MDG) i eigedomsutvalet førebels ikkje har tatt stilling til.

Kva bakgrunn har Lunde for å driva eit kulturhus? Kva vurderingar gjer politikarane om pris og tolmod i bodprosessen?

Verdt å venta på eit høgare bod?

Midtsiden har i dag snakka med Bruarøy, Nøttseter og Lunde. Politikarane vil vera varsame med å diskutera ei sak som skal til behandling, Lunde vil, av strategiske årsaker vera varsam med å snakka eigedomen opp eller ned i verdi.

Men begge partar har likevel svart på fleire av spørsmåla våre.

– Rolf Lunde meiner at fem månadar utan andre bod viser at marknadsprisen er lågare enn verdivurderinga, altså meir i tråd med Glass & Tre AS sitt bod, som no er 6 millionar kroner. Men det gjekk nesten 10 år frå Os kommune vedtok å selja Fjellheim, til det faktisk kom ut for sal. Bør kommunen venta meir enn fem månadar, for å sjå om dei kan få ein høgare sum? Kor lenge har de i så fall tid tolmod til å venta?

– Då vi avslo bodet på 5 millionar kroner, var vi einige om at det var for lågt. Men vi snakka ikkje om kva som vil vera tilstrekkeleg, om vi var villige til å selja under 10 millionar kroner, seier Nøttseter.

– At vi no har lagt det ut i marknaden, betyr at vi ønskjer å avhende eigedomen, svarer Bruarøy.

Det ligg an til eit møte i eigedomsutvalet førstkomande måndag, før møtet i fellesnemnda.

Til samanlikning tok det i 2017 under ei veke å selja barnehagetomta i Stegen til 15 millionar kroner. Denne rett nok utan tilsvarande kostnad med riving, eller rekkefølgekrav om rundkøyring.

Truverdig med kulturdrift?

Nøttseter fortel at før behandling av første bod, fekk han fleire kommentarar i retning; «ikkje sel Fjellheim for 5 millionar kroner!». Etter avslaget, og etter at det blei kjent at bodgjevar ville driva Fjellheim vidare som kulturhus, er ordlyden ein annan; «kvifor i all verda sa de ikkje ja til dei 5 millionane?».

– Eg blei sjølv glad då eg såg papira, og at bodgjevar har ambisjonar om å driva Fjellheim vidare som kulturhus. Men vi var einige om at 5 millionar var for lågt bod.

– Å avskriva nokre millionar på investeringsbudsjett er gjerne ikkje all verda, Oseana er for lengst finansiert. I tillegg tar kommunen byggelånet, vi gir direktetilskot, vi er stor leigetakar og vi deler til og med ut KUP-midlar. Men om bodgjevar får kjøpa Fjellheim, og kjem tilbake og søkjer om KUP-midlar eller anna form for støtte, får vi brått endå ein kostnad med drift. Eg kjenner ikkje til bodgjevar sin kompetanse på kulturhusdrift, og om han får kjøpa, og ikkje får det til, så kan vi bli ståande med eit privateigd Fjellheim som rotnar på rot, det er kanskje verre enn slik status er i dag.

Lunde avviser både søknad om støtte og auka fare for at Fjellheim rotnar på rot, om eit privat firma står som eigar.

– For det første, eg ser på ordet «støtte» som latin for «sovepute». Om nokre av dei komande leigetakarane våre vil søkja om støtte til eit prosjekt eller eit biljardbord, kan naturlegvis henda. Men vi som eigarar skal ikkje søka kommunen om støtte.

– At eit firma eig Fjellheim skal hindra at det rotnar på rot. Her står private pengar på spel, vi har ikkje råd til å lata ei investering som denne stå ubrukt.

– Men kva om du ikkje får det til, og med klausul har låst deg til kulturdrift?

– No spør du veldig hypotetisk, men det som er worst case her er at privatpersonar og firma taper pengar. Det går verken ut over skattebetalarar, kommunen eller mannen i gata.

– Eit enkelt prosjekt

Lunde har saman med bode servert ganske detaljerte plananar for drifta, med arbeidstittel på komande avdelingar av «Kulturhub Fjellheim» henta frå Oselvo.

– Har du bakgrunn innan kultur eller kulturhusdrift?

– Einaste kulturbakgrunn eg har, er at eg var sjørøvar i eit skodespel ein gong. Men eg har vore leigetakar på USF Verftet, og eg har sett kva som fungerer og ikkje, svarer Rolf Lunde.

– Dette var i ei tid då USF blei bygd om frå, ikkje ein gamal sildefabrikk, men eit vrak av ein sildefabrikk, til det kulturhuset det framleis er. Eg har drive med eigedom i 40 år, Fjellheim er eit enkelt prosjekt. Vi skal heller ikkje driva huset, vi skal eiga og leiga ut, og vi har tru på marknaden.

– Du har henta fram nok ein million i nyaste bod. Har Glass & Tre AS òg sett av pengar til å rusta opp, og til investering i eventuelt lyd- og lysutstyr?

– Vi vil forma innhaldet i Fjellheim etter leigetakarar. Dette skal bli eit lågterskeltilbod, det blir ikkje Oseana-standard. Vi har nokre leigetakarar for hand, utan at eg no vil inn på kva dei skal driva med. Etter responsen dei siste dagane, føler vi oss trygge på at vi skal få fylt huset med eit rikt kulturliv.

– Kan det bli pub i Fjellheim, om du får kjøpa?

– Det er ikkje sikkert at pub er det rette, kanskje kafé eller kantine er betre. Det må vera ein harmoni mellom dei komande brukarane av Fjellheim. Om vi får kjøpa eigedomen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.