Korona | 23. nov. 2022

Fjerde dose: ingen plan om massevaksinering

Kven bør ta fjerde dose?

Fjerde dose: ingen plan om massevaksinering
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveionsdag 23. nov. 2022 10:52

Også friske personar mellom 18 og 64 år kan no få fjerde dose koronavaksine, opplyser kommunen.

Det betyr at fjerde dose er ei moglegheit for denne aldersgruppa, men ikkje ei anbefaling. 

Ikkje generell anbefaling

FHI anbefaler ikkje generelt fjerde dose for personar 18-64 år, men opnar for individuell moglegheit for dei som ønsker det.

- Immuniteten i denne delen av befolkninga er god og risikoen for alvorleg koronasjukdom er låg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Medverkande årsak til FHI si avgjerd om å ikkje gi ei generell anbefaling, kan òg vere at risikoen for til dels alvorlege biverknader, som betennelse i hjertemuskelen/-posen, blir vurdert som høgare enn nytten av vaksinen for gruppa sett under eitt.

Helsepersonell er heller ikkje generelt anbefalt å ta fjerde dose koronavaksine.

Individuelle grunnar

Det kan likevel vere gode, individuelle grunnar til at ein frisk, vaksen person no ønskjer å ta fjerde dose, til dømes utanlandsreise, eit ønske om å beskytte sårbare nærkontaktar, å redusere risikoen for plagsame symptom etter smitte eller generell uro for sjukdommen.

Slik får du vaksine

Kommunen planlegg ikkje nye rundar med massevaksinering.
Dersom du er mellom 18 og 64 år og ønskjer ein fjerde dose koronavaksine, kan du få vaksinen på legekontor eller hos samarbeidande apotek.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.