Sport | 01. okt. 2021

Fleire aktivitetstilbod i haustferien

God respons også på handballskule og fotball på Os og Søre Neset.

Fleire aktivitetstilbod i haustferien
Frå handballskulen i 2019 og opning av ny bane på Søre Neset i 2018. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh og Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. okt. 2021 11:36

Ved sidan av dei åtte haustferieskulane som Staten sponsar, etter midlane som kom til sommarferien, er det også handball på Kuventræ og fotball på Bjørnen på menyen.

Begge går frå måndag til onsdag i haustferien.

– Vi køyrer handballskule i haustferien, som vanleg, seier Christian Bugge, som har sin første arbeidsdag som dagleg leiar for Os handball i dag.

Handballskulen er for ungar i alderen frå 1. til 7. klasse, med og utan erfaring innan handball.

– Deltakarane blir delte inn i grupper, og vi har alle år også hatt heilt nye handballspelarar med på desse skulane. Måndag etter haustferien har vi oppstart for årets 1. klassingar, så handballskulen i haustferien kan vera ein fin tjuvstart, seier Bugge.

Handballskulen har bestilt alle dei tre hallane i Os idrettspark, og har kapasitet til 60-70 deltakarar. Onsdag passerte dei 40 påmeldte, men det er framleis ledige plassar, og frist for påmelding er først i slutten av neste veke. Eller fram til det er fullt.

Skule og jenteakademi på Søre Neset

Søre Neset il har fotballskule både i vinterferie, sommarferie, på planleggingsdagar og no i haustferien.

– Vi har omtrent ubegrensa kapasitet i både bane og mengde instruktørar. No er det rundt 20 påmeldte, vi reknar med ein stad mellom 30 og 50 deltakarar, seier Frank Haugland.

Skulen er open for ungar frå 1. til 8. klasse. Deltakarane blir delte i grupper på 8-12, men alle skal innom alle stasjonar.

– Over haustferien startar vi med noko nytt som også er ope for alle, eit jentefotballakademi for spelarar frå 4. til 8. klasse som har lyst på litt ekstra trening, og å møta jenter frå andre klubbar.

Tilbodet er sponsa og gratis for deltakarane.

Det er plan om samling éin laurdag i månaden gjennom hausten og vinteren.

– Eg har akkurat byrja å senda informasjon til andre klubbar i bygda, og håper dei spreier dette vidare til sine trenarar og foreldre. Det er noko færre jenter enn gutar som speler fotball, at dei trener saman frå ung alder vil nok skapa ein endå betre kultur for samanslåing av lag, som blir naudsynt når dei blir eldre og færre per klubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.