Politi | 22. aug. 2023

Stoppa i Storestraumen - mistenkt for køyring i rus

Promille- og fartskontroll i Os i går.

Stoppa i Storestraumen - mistenkt for køyring i rus
(Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruareøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 22. aug. 2023 07:06

I 11-tida i går gjennomførte politiet ein fartskontroll på E39 Halhjemsvegen i 70-sona.

Det blei skrive ut 10 forelegg for fart.

Høgaste fart blei målt til 84 km/t. Dette resulterer i eit forelegg på 4800 kroner, men ingen prikkar på førarkortet.

Nokre timar seinare kontrollerte politiet eit køyretøy i nær Storestraumen.

Bilførar, ein mann i 20-åra, blei mistenkt for køyring i rus.

Han blei tatt inn til blodprøve og sak er oppretta. Vedkomande samtykka til førarkortbeslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.