Meining | 14. mars 2022

FOR eit år!

Eit lesarinnlegg frå kommunedirektør Christian Fredrik Fotland.

FOR eit år!
Fotland i eit av mange muntre øyeblikk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. mars 2022 14:10

Dei har jobba, dei har slite. Dei har stått på seint og tidleg. Dei har tatt ekstravakter og timar, og strekt strikken langt. Når kollegaen har måtte bli heime i karantene har dei steppa inn. Alt for å gi eit best mogleg tenestetilbod til innbyggarane våre.

Eg vil starte med å hylle kvar og ein av medarbeidarane mine i heile Bjørnafjorden kommune uavhengig av stillingsstorleik, arbeidsområde eller arbeidsstad for den innsatsen dei har lagt ned under pandemien.

Vi trudde 2021 var året kor kvardagen igjen skulle bli normal, men slik blei det ikkje.

Etter ein roleg sumar slo nye bølger med korona og smitteverntiltak inn over oss. Eg skal glatt innrømme at det gjekk utover motivasjonen å ikkje kunne møte kollegaene i gangane på rådhuset og ute på tenestestadene.

At vi framleis måtte halde fram å berre møtast via skjerm og på Teams var tungt.

Difor er eg så imponert over den innsatsen som har blitt lagt ned frå alle i Bjørnafjorden kommune for å gje eit best mogleg tenestetilbod til innbyggarane våre uavhengig av kva rammevilkår vi har jobba under. De har stått i stormen, og de har stått støtt. Det same gjeld dei tillitsvalde og vernetenesta som har vist klokskap, mot og rausheit i den situasjonen vi har vore i.

No håper eg at vi i løpet av 2022 endeleg kan seie at pandemien er over (bank i bordet) og at vi endeleg kan ta skikkeleg tak i arbeidet med å byggje ein felles kultur, ein felles måte å gjere ting på, ein felles måte å møte innbyggarane på uavhengig av kor dei bur i kommunen eller kva teneste dei treng frå oss.

Vi skal aldri gløyme at vi er her for innbyggarane, ikkje motsett.

Éin ting pandemien har gitt oss er betre og større kunnskap i bruk av digitale verktøy. Dette blir viktig i det vidare arbeidet. Det har også vore viktig i løpet av 2021 kor vi har jobba med og implementert fleire nye digitale løysingar i vårt møte med innbyggarane.

Vi har jobba mykje med å gjere heimesida betre.

Vi har tatt i bruk Frontdesk, slik at innbyggarane kan booke time hos oss anten dei har ein bygge-, plan- eller oppmålingssak. Eller om dei treng rettleiing eller å møte nokon innan psykisk helse og rusomsorg, barnevernet eller på Ung Arena.

Tilbakemeldingane eg får er at dette har blitt godt mottatt og at fleire i mange tilfelle ønskjer eit digitalt møte med oss i staden for å måtte bruke tid og krefter på å ta seg fysisk til oss.

Når det er sagt, så er det viktig for meg å understreke at sjølv om vi blir meir digitale, så skal vi framleis vere her for innbyggarane og framleis møte dei som ønskjer det fysisk.

Men også der blir det endringar, særleg i dei reine kontorbygga våre. Kanskje vil innbyggarane no møte ein terminal kor dei melder frå direkte til saksbehandlaren at dei har kome, i staden for at nokon sit og tek i mot dei og formidlar denne kontakten.

Slike løysingar ser vi mange andre stader, og dei fungerer. Det føler eg meg trygg på at den kjem til å gjere også hos oss.

Fokus på den økonomiske ståa og arbeidet med å gjennomføre Bjørnafjorden 22 har stått særs sentralt gjennom heile 2021.

I prosjektet sette vi som mål at vi skulle ned 37 millionar kroner i løpet av året.

Det har vi i det store og heile klart, men samstundes står det att å realisera ein reduksjon i driftskostnadane i 2022 med ytterlegare 43 millionar.

Dette er eit tøft mål å nå. Vi har tatt ned årsverk både i administrasjon og i tenesteytinga. Vi skal ikkje gløyme at det er ei rekkje lovpålagte oppgåver vi som kommune skal oppfylle. Ikkje berre i direkte tenesteyting mot innbyggarane, men også når det kjem til arkiv, internkontroll, hms, innkjøp og økonomi.

Eg kan jo ikkje anna enn å gle meg over at vi gjer opp årsrekneskapen med eit netto driftsresultat på 157,8 millionar kroner, ein resultat grad på 6,55% og eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 84,8 millionar kroner.

Men, samstundes vanskeleggjer det kommunikasjonen om at vi skal trekke ned driftsutgiftene ytterlegare i åra som kjem. Det er difor viktig å hugse at det gode resultatet i hovudsak skuldast skatt/skatteutjamningsmidlar som følgje av ein formidabel skatteinngang i heile kommunesektoren og eit særs godt resultat frå finansporteføljen vår.

Dette er ikkje inntekter vi kan rekne med blir like høge i åra som kjem. Difor må vi halde att, vere nøkterne og tilpasse drifta vår til dei «faste» inntektene våre, så kan vi gle oss kvar gong dei «variable» inntektene slår positivt ut.

Ein annan sak det har vore jobba mykje med gjennom heile året er kommunedelplanen for Bjørnafjorden vest.

Det har vore eit langt lerret å bleike og det har vore jobba godt både administrativt og politisk. Eg er glad for at kommunestyret fatta eit endeleg vedtak i desember og med det sette eit førebels punktum. Så veit vi alle at det framleis står att tøffe tak i mekling med overordna mynde, men det er viktig at vi snart får landa denne, slik at vi kan gå vidare. Det er viktig. Ikkje minst for næringslivet.

Vi opplever at Bjørnafjorden er ein attraktiv kommune for nyetableringar.

Både for næringsliv og familiar som vil busette seg her. Særleg spennande blir det hausten 2022 når den nye vegen til Bergen opnar.

Kva konsekvensar det får veit vi ikkje, men vi skal ikkje gløyme at vegen også vil gjere at fleire områder også i Bjørnafjorden aust i større grad vil bli innanfor det folk opplever som akseptabel pendlaravstand til Bergen.

2022 er forhåpentlegvis også det året kor vi vil sjå teikn til dei første fysiske etableringane i Lyseparken.

Eg er glad for at kommunestyret sumaren 2021 gav si tilslutning til å opprette Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS (BUS) og valde styre til dette.

BUS har allereie vist at dei blir ein viktig reiskap i å utvikle og realisere Lyseparken, men også at dei kan bli viktige i arbeidet med å utvikle heile kommunen.

Det har gjennom 2021 skjedd mykje spennande med og i det lokale næringslivet, og eg er heilt sikker på at 2022 kjem til å bringe mange spennande nyhende med seg.

Samstundes skal vi vere realistiske.

Pandemien har satt sine spor, og den kjem heilt sikkert til å sette nye spor. Ikkje minst innan næringslivet, kor mange har hatt tøffe kår. Det er ikkje sikkert at dei klarer å stable seg på beina igjen, men då skal vi vere der med det nettverket og verkemiddelapparatet vi som kommune rår over slik at vi tek vare på den einskilde arbeidstakaren som blir råka.

Eg ønskjer meg fleire slike stundar vi hadde ein augustnatt i Strandvik då Anders Mol og Christian Sørum tok OL-gull i strandvolleyball. Ei natt der vi vart samla på tvers av fjorden i felles glede over dei gode prestasjonane.

Eg ønskjer å bygge Bjørnafjorden kommune ilag med innbyggarane, med næringslivet, lag og organisasjonar og sjølvsagt i lag med dei tilsette.

I 2022 GLER eg meg til å møte dykk alle!

Vi er her for innbyggarane!

Christian F. Fotland
Kommunedirektør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.