Politi | 05. juli 2022

Førar av lett MC fekk saftig forelegg

Politiet stoppa to unge mc-førarar måndag.

Førar av lett MC fekk saftig forelegg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. juli 2022 07:33

Måndag i 20-tida stoppa politiet ein førar av ein lett motorsykkel.

Han køyrde frå Byvegen inn på ein sideveg nær Os sentrum, på motsett side av refuge, altså i motsett køyrefelt.

– Vedkomande, ein 17 år gamal gut, fekk eit forelegg på 6.000 kroner. Forelegget blei vedtatt.

Ein halvtime etterpå stoppa politiet ein annanførar av lett MC. Vedkomande køyrde, i perioden politiet observerte, konsekvent utan bruk av blinklys.

– I tillegg var farten høg. Patruljen hadde ikkje gyldig måling, så det blei åtvaring for høg fart og forelegg på 2.800 kroner for manglande bruk av blinklys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.