Politi | 20. mars 2022

Køyrde inn i sentrum - fekk 6.000 i bot

Trassa forbod som gjeld frå klokka 23.

Køyrde inn i sentrum - fekk 6.000 i bot
I vinter har fleire bilførarar trassa dette skiltet. I 00.15-tida i natt tok politiet ein av dei.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. mars 2022 08:31

I 00.15-tida natt til søndag blei ein bil stoppa i Os sentrum.

Fastbuande og drosjar er dei einaste som har lov å køyra bil i sentrumskjerna mellom klokka 23 og 06.

– Bilførar fekk forenkla forelegg på 6.000 kroner, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet stoppa i natt ein bil som køyrde gjennom sentrum etter gyldig klokkeslett. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKnuffing og åtvaring

Tidlegare i vinter har det vore gitt tilsvarande reaksjon.

Også på veg ut av sentrum kan det gå gale, spesielt om du svinger til venstre ut frå Brugata på Hatvikvegen.

Frå Brugata til Hatvikvegen er det påbode å svinga til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògTok ein kostbar venstresving

Køyrde MC med promille

I 03.50-tida i natt blei ein lett motorsykkel stoppa i Hagavik-området.

– Test gav utslag på promille. Sidan MC-førar er under 18 år blei foreldre varsla.

Det er tatt beslag i førarkortet og oppretta sak.

Fekk fartsbot på Byvegen

Laurdag kveld i 22.15-tida hadde politiet fart- og promillekontroll på Byvegen nær UnoX og Industrivegen.

To bilistar fekk forelegg for høg fart.

Høgaste fart som blei målt var 75 km/t i 60-sona.

Det betyr 4.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

I 21-tida gav dei mangellapp til ein annan bilist.

Uhell på Halhjem

Laurdag i 16-tida var det eit lite trafikkuhell på Halhjem ferjekai.

Ein personbil og ein lastebil var borti kvarandre. Ingen personar blei skadd, og partane ordna seg imellom med skademelding.

Tok kveld før klokka 21

I 20.30-tida i går møtte politiet ein full mann i 30-åra som vandra i bilvegen i Mobergsbakken.

Politiet hjelpte til med å få mannen heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.