Politi | 30. juni 2022

Stolen elsykkel og rask lettmotorsykkel

Gut målt i 89 km/t i 50-sone.

Stolen elsykkel og rask lettmotorsykkel
UP sto med laseren på Lepsøyvegen i går. Der stoppa dei fem trafikantar. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 30. juni 2022 07:24

UP hadde tre kontrollar i Os i går.

Ved Holtbrekka sjekka dei bilbeltebruk på Byvegen, og delte ut fire gebyr.

På E39 Halhjemsvegen blei det ingen reaksjonar i fartskontroll, men så flytta dei seg til ei 50-sone på Lepsøyvegen.

Der sto dei frå klokka 21 til 22.30, og fanga fem fartssyndarar med laseren.

Høgaste fart blei målt til 89 km/t. Vedkomande, ein 16 år gamal førar av lett MC, samtykka i beslag.

Tjuveri av elsykkel

Onsdag formiddag fekk politiet melding om eit «innstigningstjuveri» (ulåst bygg) frå ein garasje.

– Ein elsykkel av merket Diabello er meldt stolen. Denne har verdi på rundt 20.000 kroner, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Tjuveriet har skjedd i løpet av natt til onsdag. Politiet har vore og undersøkt åstaden, og forholdet er meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.