Vêret i Os | 07. aug. 2022

(Først) no kjem sommaren

Ventar sol og over 20 varmegradar i siste del av skuleferien.

Er du, som denne karen ser ut til å vera, lei av venta på atgradestokken skal bikka 20? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. aug. 2022 11:15

Juli blei uvanleg våt, og Bergen var våtast i landet med 388,2 mm, som er 50 prosent over normalen, skriv met.no.

Også totalnedbøren frå mai til ut juli blei med mykje nedbør, og med Bergen på topp med 285 mm meir enn andreplassen.

I tillegg har temperaturen stort sett lagt på usle 11-13 gradar.

Vanleg trøyst når juli har skuffande vêr, er håp om ein fin august.

No ser det ut som om dette blir innfridd.

Både Yr og Storm melder opphaldsvêr frå søndag klokka 18 og ut heile neste veke - den siste veka i skuleferien.

Du treng ikkje stressa med å finna fram solkremen, for det er meldt overskya og berre 15 gradar måndag og tysdag.

Men onsdag skal temperaturen auka til 18 gradar, frå torsdag og så langt varselet rekk (måndag om 8 dagar), er det venta 20-22 gradar og sol.

Vinden skal halda seg svak og koma frå sør.

Sjå detaljert vêrvarsel frå Yr og Storm side om side på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.