Fotball | 04. okt. 2025

Fotballkamp utsett

Motstandar er forseinka grunna vêret.

Fotballkamp utsett
Os, her i innmarsj til 6-1-siger over Vålerenga 2 i juni, må venta to timar på avspark i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 04. okt. 2025 12:40

I dag speler både Lysekloster og Os heimekamp, men Os må venta nokre timar lengre enn planlagt med innmarsj.

– Delegasjonen frå Førde er forseinka, opplyser dagleg leiar Endre Brenne.

Tabelltoar kjem til Kuventræ i dag, men kampstart er utsett frå klokka 15 til 17.

Lysekloster tar imot serieleiar Sandnes Ulf i dag. Gjestane frå sør skal vera i ruta.

– Kampen startar klokka 14 som planlagt, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Sterk vind førte fredag og laurdag til fleire innstilte ferjer. Velta tre har skapt straumbrot og stengte vegar fleire stadar – også i Os.

Liknande har skjedd før. I oktober 2023 ville Os 2 flytta kamp frå Kuventræ til Søre Neset, også det grunna

Det kom fleire skjer i sjøen, for på veg til Halhjemsmarka blei spelarane hindra av eit velta tre over E39.

I 2012, på veg med båt til bortekamp mot Rosendal, var Os 2 med på ei grunnstøyting.

Dei kom seg likevel fram – og vann 8-0 etter skåringar av Ramo Racic (4), Preben Borgen (2) og Egil Thuen (2).

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.