Fotball | 11. okt. 2023

Os 2 ville flytta kampen til Søre Neset - hindra av velta tre over E39

No blir det ekstra tett program for opprykkskandidaten.

Os 2 ville flytta kampen til Søre Neset - hindra av velta tre over E39
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. okt. 2023 20:17

Os 2 på 3. plass tok i kveld imot Ny-Krohnborg på 8. plass til 19. serierunde.

Dei skal møtast igjen på søndag i det som for Os 2 blir ein innspurt mot mogleg opprykk.

Men dagens kamp blei aldri blese i gang.

– Det var gale då eg kom opp der, og det auka på før kamp. Då måla byrja å flytta på seg, fann vi ut at vi burde flytta kampen til Søre Neset, som ligg litt lunare til enn Kuventræ, seier Os 2-trenar Stian Kvåle.

Men på veg mot Søre Neset blei dei ståande fast i trafikken. Eit velta tre, som blei liggande i over 3,5 timar, forseinka kortesjen frå Kuventræ så mykje at kampen må utsetjast.

Heimelaget, som søndag vann 9-0 over Nordnes, skulle ha 3 kampar på 8 dagar.

No blir det i staden eit endå tettare program før serien er over, truleg 3 kampar på 6 dagar.

– Det er synd. Vi har lagt opp treningsveka etter denne kampen, og vil få ein tettpakka innspurt. Men det skal gå bra, gutane mine er godt trente, seier Kvåle.

– Har det kome forslag til ny dato?

– Ja, det ligg an til å bli tysdag 24. oktober.

I så fall ser kampprogrammet til Os 2 sånn ut:
Ny-Krohnborg borte 15/10
Baune heime 21.10
Ny-Krohnborg heime 24.10
Nymark 2 borte 27/10

Let seg ikkje stoppa: Os oldboys. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Let seg ikkje stoppa: Os oldboys. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Då Midtsiden var oppom Kuventræ i 20.40-tida var Os oldboys i trening.

– I sånt vêr plar det berre vera vi som trenar, seier den rutinerte oldboys-spelaren Leif Erik Solbakken.

Om det er forbi dei gamle er eldst, fordi vinden hadde løya eller fordi oldboys ikkje merker om måla flyttar litt på seg, er uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.