Val 2023 | 09. aug. 2023

Frå tidlegstemming til førehand

Blir det ny rekord? Frå i morgon kan du førehandsstemma.

Frå tidlegstemming til førehand
Plakat frå 2019, men opningstidene står ved lag frå i morgon. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. aug. 2023 08:54

Frå måndag 3. juli har du kunna stemma på «tidleg førehandsstemming».

Ordninga gjeld til 9. august, men sidan opningstidene i Bjørnafjorden har vore fire dagar i veka, med stengt onsdag, var siste sjanse før klokka 14 i går.

I dag blir det rigga stemmelokale i Vognhallen og på kommunetunet i Eikelandsosen.

Førehandsstemming frå i morgon

Begge opnar for ordinær førehandsstemming i morgon, torsdag 10. august, og held ope til og med fredag 8. september.

Valdagen er måndag 11. september.

Førehandsstemminga ved dei to vallokala i Bjørnafjorden kommune held ope frå måndag til fredag frå klokka 09 til 15.

Det blir også utvida opningstid begge stadar enkelte datoar:

Torsdag 31. august, onsdag 6. og torsdag 7. september har opningstid 09 til 17.

Laurdag 26. august og laurdag 2. september har opningstid 10-14.

Frå 15. til 24. august, éin dag per stad, er det sjanse for å stemma ute i krinsane og bygdene, for eksempel på Luranetunet, Ravneberghaugen, Kysthospitalet og Kongshaug Musikkgymnas.

Oversikta finn du på kommunen si side.

Legitimasjon og valkort

Hugs å ta med deg legitimasjon med bilde når du skal stemma!

Valkort er ikkje naudsynt, det er først og fremst ei stadfesting av at du har stemmerett.

Rekord i 2019

Ved førre kommunestyreval, det første for nye Bjørnafjorden kommune, var det 4.778 som hadde førehandsstemt.

3.775 av desse i Os, 639 i Fusa og 364 i andre kommunar eller i utlandet.

Det utgjorde 25,54 prosent av dei med stemmerett, noko som var ny rekord for begge dei tidlegare kommunane.

Tilsvarande tal frå 2015 er 17 prosent.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.