Fred i fjorden – hektisk i Bergen
Politiet i Vest politidistrikt hadde 55 oppdrag natt til første nyttårsdag, men i Bjørnafjorden føregjekk nyttårsfeiringa utan dramatikk.
Då klokka tikka mot midnatt var det tett snøfall og lukt av kruttrøyk i lufta.
Sett vekk frå lyden av rakettar, var det ein roleg start på det nye året i Bjørnafjorden, i alle fall i følgje Presseklienten, der politiet deler hendingar med media.
Ingen hendingar er rapportert i Presseklienten etter klokka 15.00 på nyttårsaftan frå kommunen vår.
Travelt i nabokommunen
Politiet i Vest politidistrikt har likevel hatt mykje å gjera natt til i dag, første nyttårsdag, med rundt 55 loggførte oppdrag som omhandlar ordensforstyrringar, støy, slagsmål og vald frå midnatt og fram til klokka 05.30.
Storparten av desse hendingane er registrert i Bergen sentrum.
– Det har ikkje vore alvorlege personskadar knytt til desse hendingane. Det har heller ikkje vore alvorlege hendingar knytt til bruk av fyrverkeri på offentlege stader, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Øyjordsbakken Halleraker.
Politiet har hatt ei noko styrka bemanning gjennom nyttårsmarkeringa, som dei trur har hatt ein førebyggande effekt.
Likevel har politiet gjort tre pågripingar etter valdshendingar. Dei har også handtert nokre mindre brannar, nokre trafikkulukker, og nokre tilfelle av ruspåverka sjåførar.