Sport | 01. juli 2014

Frir til gamle medlemmar

Trass oppsving for Bjørnefjorden Golfklubb frir dei til gamle medlemmar, for å få dei tilbake på banen.

Frir til gamle medlemmar
Eivind Hodneland testa greenen då dei opna banen rekordtidleg i slutten av mars (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 01. juli 2014 06:29

Det blei ein rekordtidleg start på sesongen då Bjørnefjorden Golfklubb opna banen i slutten av mars.

– Våren og starten på sommaren har vore heilt eventyrleg.

– Det har vore ein seriøs oppsving, med mange gjestespelarar frå heile Hordaland.

– Ryktet om at banen er i utruleg god stand, og at vi har utvikla den, har nok nådd mange, fortel dagleg leier Eivind Hodneland.

Frir til gamle medlemmar

Sjølv om klubben opplever ein oppsving, jobbar dei med å få enno fleire til å vitja dei grøne bakkane på Hauge.

– Vi ser det er mykje vanskelegare å få nye til å starta å spele, enn det kanskje er å få dei som har spelt tidlegare til å ta oppatt hobbyen.

– Difor går vi no ut til tidlegare medlemmar med tilbod om å spela gratis på banen i heile juli.

– Dei må rett nok booka tid, men treng ikkje melde seg inn i klubben, eller vera med i ein anna klubb for å få spela.

– Tanken er at mange av dei kanskje kjenner banen slik den var for fem år sidan. Vi har rett og slett lyst til å visa dei korleis ho er no, smiler Hodneland.

Også juniorar, som kjem i følgje med ein fullt betalande vaksen, får gratis greenfee i juli.

Gode ungdommar

Det er ikkje berre selskapsspelarane som skal få boltra seg på banen i juli.

– Helga 11. til 13. juli er vi arrangørar av Junior Tour 1. divisjon for spelarar får heile vestlandet.

– Dette er spelarane som ligg rett bak Titleist Tour (eliteserien, journ. mrk), så det kjem til å vera høgt nivå på turneringa.

– Dei beste frå turneringa her vil kvalifisera seg til neste runde på Titleist Touren, fortel Hodneland.

Open jubileumsveke

Golfklubben held fram med høgt aktivitetsnivå også i august.

– Første veka i august feirar vi oss sjølv, med jubileumsveke som avsluttast med turneringa kor ein Porsche Cayman kan vinnast.

– Då har vi fått ambulerande skjenkeløyve, så spelarane kan få seg noko leskande etter runden.

– I tillegg kjem vi til å fyra opp grillar og liknande, slik at det blir ei sosial greie. Kanskje nokon tek eit golf-vorspiel før dei går på Osfest den første helga.

– Men då må du vera golfspelar?

– Nei for all del.

– Treningsfeltet er ope for alle, med gratis ballar på drivingrangen, gratis lån av utstyr og instruktørar som står klare til å rettleia.

– Eg håpar jubileumsveka kan vera med på å synleggjera at vi ligg praktisk talt i sentrum.

– Det tar ikkje mange minutta å gå opp her frå Osøyro. Vi har ei unik plassering om du samanliknar med andre baner rundt i golf-Noreg, avsluttar Hodneland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.