Folkemøte om traséval Aksdal-Bergen

Fusa fekk massiv støtte

VIDEO: Folk sat som sild i tønne under gårsdagens folkemøte om traséval mellom Aksdal og Bergen. Verken vegvesenet eller Søviknes klarte å snu skepsisen til fjordkryssing.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Glenn Erik Haugland og Os Venstre sitt initiativ til folkemøte samla meir enn fullsett ungdomshus i Søre Øyane torsdag kveld. 

Les òg: Over fjorden eller innom fjorden?

– Eg er kjempenøgd. Det kom veldig gode spørsmål og innlegg, men alt var i ein venleg og fin tone, seier initiativtakar Glenn Erik Haugland frå Os Venstre.

Video i ruta over: Sjå 13 minutt av det nesten 3 timar lange møtet

Møtet starta med ein gjennomgang av Signe Eikenes frå Statens vegvesen som også tok imot spørsmål frå salen.

Så opna det for paneldebatt med Terje Søviknes (ordførar i Os), Jon Lund (Stord), Marie Lunde Bruarøy (varaordførar i Os), Hans Vindenes (ordførar i Fusa) og Glenn Erik Haugland (initiativtakar, Os Venstre). 

Alt blei styrt av møteleiar Stig Ryland, som både stilte med eigne spørsmål til panelet og tok imot det som kom frå salen.

Alternativet som styrka seg

Eikenes forklarte grundig om framgangsmetode i utgreiinga av den omfattande ideen om ferjefri veg mellom Kristiansand og Trondheim, med hovudfokus på "gullaksen" Stavanger-Bergen og det som blir det mest omdiskuterte vegstykket, Aksdal-Bergen - eller skal vi seia; Stord-Os.

– Årsaka til at dette blir det mest diskuterte stykket er at vi resten av stykket følgjer eksisterande veg. Mellom Stord og Bergen har vi to alternativ og fjordkryssing har det siste året koma fram som stadig meir aktuelt.

– Midtre alternativ har blitt meir aktuelt både fordi det viser seg teknologisk gjennomførbart og fordi det gjev størst gevinst.

Når det no skal teiknast inn doble tunnellaup i staden for enkle aukar prisen, og den aukar mest i indre alternativ, der det er 21 tunnellar, mot 4 på midtre trasé.

Innom Os uansett?

Interessa for å ta vare på skjerdgarden i Os ser ut til å vera stor og felles, men det er også stor interesse for å få fullført Svegatjørn-Rådal, eit prosjekt blant andre ordførar Terje Søviknes fryktar står i fare om indre trasé blir valt.

I dag er indre trasé skissa med bru frå Fusa til Bogstrand og vidare i tunnel til Os og vidare til Bergen. Fleire var i går opptatt av om det var fare for at indre trasé brått kunne teiknast om så vegen går til Samnanger og Arna, ikkje innom Os.

– Vi ser at det meste av trafikken som kjem frå Stord gjennom Os i dag skal til Bergen, berre 6 prosent skal vidare nordover.

– Det er også få som skal austover, sa Eikenes, som likevel ikkje ville garantera at vegen kjem innom Os ved val av indre trasé.

Stor stemning for indre trasé

Salen fekk informasjon og fakta, dei blei orientert om at nytt reknestykke er under utforming og at val av trasé kan bli fatta i vinter.

Søviknes meinte også at det var en viss sjanse for av rapporten som vegvesenet skal forma innan 1. november, som regjeringa skal bruka til å fatta vedtaket, kan bli unntatt offentleg innsyn i ein lang periode.

Det er uvisst om noko som blei sagt på møtet har noko som helst å seia - det er ingen høyringsrunde eller opning for lokal politisk medverknad i denne perioden.

Landingspunkt for ei eventuell flytebru kan få mykje å seia, og fleire viste seg som meir positive til midtre trasé om brua for eksempel kjem inn i tunnel på Bjørnatrynet i staden for i Øyane. 

Men stemninga i salen var tydeleg, applausen kom på innlegg som handla om å ta mest mogleg vare på Os, om å unna fusingane å bli kopla på E39 og om å ikkje kryssa fjorden med flytebru.

Salen var lite lydhøyr for samfunnsøkonomisk konsekvens, pendlaravstand og om Os kjem på eller ved sidan av den sokalla gullaksen.

Møtet blei avslutta med ei uhøgtydeleg avstemming. Det såg ut som om minst 90 prosent stemte for indre alternativ.

– Det er fantastisk at så mange engasjerer seg. Eg håper det kjem fram at Svegatjørn-Rådal ikkje står i fare sjølv om vegen går innom Fusa og vi jobbar intensivt med å påverka val av trasé, sa ordførar i Fusa, Hans Vindenes til Midtsiden etter møtet.

– Og så er eg litt skuffa over at ikkje Søviknes ser på Fusa og Samnanger som nabokommunar som i framtida kan koplast tettare saman, og den verdien som kan skapast av dette. Os er tett utbygd, vi i Fusa har mykje godt byggeland som kan bli frigjort for oss og naboane våre i generasjonar.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå møtet og om Aksdal-Bergen.

 

Fleire saker