Harald Døsen, Peder Fløysand, Bernt Norevik og Jan Haaland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Gapahuken er ferdig møblert

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag 25. oktober er det to år sidan Knutabruo opna, søndag 29. oktober (kl 13) er det markering av at dugnadsgjengen «Brukameratane» har ferdigstilt nok eit bygg.

Gapahuken byrja å reisa seg etter sommarferien, no er den ferdig møblert.

– Tre bålpanner skal på plass, og står står det igjen litt rydding.

– Folk har allereie tatt den i bruk, det har til og med vore bursdagsfeiring her med kvite dukar og full oppdekking, seier brukamerat Peder Fløysand.

Saman med Harald Døsen og Bernt «Sogna-Bernt» L. Norevik utgjer han dugnadsgjengen, men arbeidslaget har mange andre å takka for bygget som no står ope for alle.

– Lista er lang, frå den velvillige grunneigaren Reidar Rundsveen til Os kommune som har sponsa byggesøknadsavgift og grus, Os Turlag og LHL Os, som har sponsa med kroner, turlaget har dessutan tatt på seg vedlikehaldsansvaret som var naudsynt for at vi fekk løyve.

– Opplysningsvesenets fond har gjeve oss tømmer frå naboterrenget her, Kjell Flaterås har saga dette opp for oss og ei rekkje leverandørar har sponsa materialar, frå Bygger'n, Hodneland, Døsen og Sælen til største sponsor, Fløysand Tak, med taktekking og Stop Digging-fundamentskruer.

– Eg ville ikkje teikna eit «langebrød»

Ein annan som har vist velvilje er den i utgangspunktet pensjonerte arkitekten Jan Haaland. Han teikna også den noko enklare gapahuken nede ved elva, som blei så mykje brukt at Brukameratane ville auka kapasiteten for pause under tak i området ved brua.

– Det blei tidleg snakk om at denne gapahuken skulle bli større. Gapahuk i seg sjølv er eit så enkelt byggverk, at om den berre blei teikna i eitt strekk så ville den sjå ut som eit langebrød.

Haaland bestemte seg for å laga ein boga versjon, og å bryta denne av med rammer i kontrastfarge. Desse rammene blei utgangspunktet for designen.

– Vi får mykje skryt for designen av forbipasserande, fortel arbeidslaget.

Også møblane, som no er kome på plass, er designa med fine skråkutt og delte inn i seksjonar.

– Det er plass til 60-70 stykker her, då er det greit at alle sit godt, og at turgåarar vågar å finna seg ein krok sjølv om det sit andre under same tak. No blir det litt gruppevis, seier arkitekten.

Med bøn til brukarane

Dugnadsgjengen har opplevd både å finna bål med tomme ølboksar og å snubla i hundeskit i området.

Dei har òg fått spørsmål om å setja opp bosspann.

– Verken vi eller turlaget har eit system for å gå å tøma boss. Vi håper folk tar vare på gapahuken og at dei tar med seg avfall heim igjen, som dei ville gjort ein annan stad i naturen eller i fjøra.

– Det er kjekkast for alle om det er reint og ryddig der folk ferdast og der dei tar pause.

Lager opningsfest

Brukameratane våger ikkje å lova servering til dei som kjem, då Knutabruo opna kom det rundt 1000 turgåarar til området.

– Men det blir tale, snorklipping og kanskje litt musikk. Ordførar og varaordførar kjem, og Os Turlag skal offisielt få overrekt drifts- og vedlikehaldsansvaret.

– Det har blitt mange dugnadstimar i skogen. Kjem de til å sakna dette, eller er det rett over på neste prosjekt?

– Vi kjem til å sakna det, ja, men du skal ikkje sjå vekk i frå at vi finn nye oppgåver, seier den lattermilde gjengen.

 

Fleire saker