Lokal | 01. mai 2015

Gjorde strandhogg på Steinneset

Kva farkost er dette og kva oppdrag har den i Os? (oppdatert)

Gjorde strandhogg på Steinneset
Trym II ligg tett opp i fjøra innanfor Steinneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mai 2015 21:58

Bildeserie:

Trym II kom til Os fredag kveld. (Lesarbilde, foto: Therese Svendal)
Trym II kom til Os fredag kveld. (Lesarbilde, foto: Therese Svendal)
Er dykkarfarkosten på oppdrag i Os? Sånn skal hamna skjermast. (Ill.: Os kommune)
Er dykkarfarkosten på oppdrag i Os? Sånn skal hamna skjermast. (Ill.: Os kommune)
1 av 2
Trym II kom til Os fredag kveld. (Lesarbilde, foto: Therese Svendal)
Er dykkarfarkosten på oppdrag i Os? Sånn skal hamna skjermast. (Ill.: Os kommune)

Fredag kveld blei denne flåten slept inn Bjørnafjorden og parkert i fjøresteinane nær Os hamn.

Farkosten er 28 x 15 meter, heiter Trym II og er eit «dive vessel», altså ein dykkarfarkost.

Ifølgje Marinetraffic.com har den gått frå Florø til Os i ein fart på 5 knop.

På oppdrag i Os

Fredag kveld visste ikkje Midtsiden kva Trym II gjer i Os.

Er det ei mellomlanding eller har den kanskje oppdrag i samband med det komande prosjektet med skjerming av Os hamn?

– Den har meldt sin ankomst for fleire veker sidan. Den skal i oppdrag utanfor Solstrand, seier hamnesjef Gitle Smaadal frå Os brann- og redningstenste.

Ifølgje Gunnar Takle Pedersen frå Norconsult, som har ansvar for prosjektering/konstruksjonsteknikk, skal Trym II utføra sprenging og mudring utanfor Solstrand Hotel og Bad. Det er Skanska som står som entreprenør på prosjektet.

Les meir og sjå skisser av den nye kaien til Solstrand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.