Samferdsle | 23. jan. 2023

Gladmelding frå Skyss: kuttar prisane

Frå 1. februar uvidar Skyss familierabatten og studentrabatten.

Gladmelding frå Skyss: kuttar prisane
SKYSS: Utvida familierabatt og studentrabatt på enkeltbillettar. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveimandag 23. jan. 2023 15:10

Frå 1. februar blir det innført 40 prosent studentrabatt på enkeltbillettar på buss i heile Vestland, på Bybanen og på nokre båtruter.

Samstundes blir familierabatten utvida til å gjelda alle dagar, skriv Skyss i ei pressemelding.

Vaksne med billett kan då ta med seg inntil fire barn frå 6 til og med 17 år gratis på buss, Bybanen og på båtruter innanfor den vanlege sonestrukturen.

Den vanlege sonestrukturen er; Askøybåten, Nordhordlandsbåten, Eidesvik – Espevær, båtrutene i Florøbassenget og Kaupanger – Frønningen.

Vil gjera det lettare å ta buss

Barn under 6 år reiser uansett gratis.

Tidlegare har denne ordninga berre vore gjeldande på laurdagar, søndagar og offentlege fridagar.

Frå 1. februar av blir ho altså gjeldande kvar dag, heile året.

– Vi håper det vil gjera det lettare for fleire å bruka kollektivtransport i samband med fritidsaktivitetar, til kulturtilbod og på tur, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Studentrabatt på enkeltbillettar

Den same dagen blir også studentrabattordninga utvida.

Tidlegare har studentar fått 40 prosent rabatt på periodebillettar med Skyss sine bussar, på Bybanen og på nokre båtruter.

– No blir denne ordninga utvida til å også gjelda for enkeltbillettar. Dermed kan studentar få ein enkeltbillett i ei sone for berre 24 kroner.

Studentrabatten vert også innført på 24-timersbillettar.

Inga prisauke på buss og bane

Etter vedtak i fylkestinget i desember blir det ikkje prisauke på buss, bybane og på båtruter som er inkludert i den vanlege sonestrukturen.

For andre båtruter i Vestland blir det gjennomført ei prisjustering på fire prosent.

Ferjeprisane følger på si side det såkalla Autopass-regulativet. Der har nasjonale myndigheiter avgjort at det ikkje vert noko prisauke no.

– Dette bidreg til at det løner seg endå meir å bruka kollektivtransport, seier Sønstabø.

Ho peiker på at drivstoffprisane no er høge, også for dei som køyrer elbil, og på at prisane på parkering også har gått opp eller går opp fleire stader.

– På buss og bane blir det derimot ikkje prisauke frå 1. februar. Det styrker kollektivtransporten si konkurransekraft, og det er vi glade for.

Gratis for asylsøkarar

Fylkesutvalet avgjorde i desember at asylsøkarar med gyldig asylsøkarbevis kan reisa gratis med Skyss sine transportmiddel i Vestland fylke.

Dette er ei forsøksordning som gjeld inntil vidare. Denne ordninga gjeld også frå 1. februar.

Ordninga gjeld for alle asylsøkarar, på buss, bybane og dei fleste båtrutene i fylket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.