Meining | 15. feb. 2023

Svarer Ap: Glasstak eller hender til pleie og omsorg?

Debatt: AP kjem denne veka med eit spesielt lesarbrev om Omsorg+ i Bjørnafjorden kommune.

Svarer Ap: Glasstak eller hender til pleie og omsorg?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. feb. 2023 08:47

AP kjem denne veka med eit spesielt lesarbrev om Omsorg+ i Bjørnafjorden kommune.

I ei tid der vi slit med behov for nedtrekk innan helse- og omsorgtenestene kjem dei med eit frontalangrep på FrP og Høyre. Kanskje det er slik at angrep er det beste forsvar? AP vann tross alt sist val, og har hatt ordføraren sidan 2019.

FrP er einige i at Omsorg+ er eit godt tilbod i omsorgstrappa.

Eit tilbod mellom bistand i eigen heim og sjukeheimsplass. I praksis er det snakk om omsorgsbustader med fellesareal, aktivitetar og personale tilstades heile døgnet.

Utfordringa er berre at APs forslag dei siste åra ikkje ville gitt eit utvida tilbod innan eldreomsorgen i Bjørnafjorden.

Rapporten dei bestilte peika på potensialet i å gjera om eksisterande omsorgsbustader i t.d. Gamleheimshagen, Eikhovdaheimen og Baldersheim Helsetun til Omsorg+.

På desse stadane har vi allereie eksisterande og velfungerande omsorgsbustader.

Seinast tysdag var FrP på synfaring på Baldersheim Helsetun. Eit flott anlegg, der diverre 5 omsorgsbustader står ledige.

Tilsvarande har vi ledige bustader på Eikhovdaheimen.

Skal vi satsa på Omsorg+ i Bjørnafjorden ynskjer FrP at vi utvidar med noko nytt som aukar det samla tilbodet innan eldreomsorga i kommunen. Nye konsept kan byggjast ut av kommunen sjølv, men vi kan også samarbeida med private om eit slikt tilbod.

Budsjettframlegga som AP syner til med 2 mill kr i 2022 og 4 mill kr i 2023 er på investeringsbudsjetta, dvs. til ombygging av eksisterande bygg. Til dømes var 2 mill kr i 2022 avsett til glasstak i Gamleheimshagen.

AP hadde ikkje inne ei einaste krone til auka bemanning knytt til etablering av Omsorg+.

Om ikkje AP har fått med seg den akutte utfordringa i helse- og omsorgsområdet, kan vi opplyse om at det ikkje er glasstak vi treng no, men midlar til å oppretthalda eit forsvarleg omsorgstilbod og ei god bemanning i eldreomsorga.

I heile denne perioden har FrP pressa på for at vi skal planleggja for framtidas eldreomsorg i Bjørnafjorden. Vi blir fleire eldre og utfordringane med demens er aukande.

I 2019 lanserte FrP Askviknes Omsorgssenter, med sjukeheimsplassar og demenslandsby. Dette er eitt alternativ.

Vi har tatt til orde for å byggja om gamle Os sjukeheim til både sjukeheimsplassar og Omsorg+ bustader. No står desse lokala dessverre tom, men det er varsla at vi skal få ei politisk sak om bruk av areala i 2023.

I tillegg ynskjer vi å sjå på samarbeid med private utbyggjarar som kan realisera sentrumsnære omsorgsbustader eller Omsorg+ konsept.

Om vi klarer å etablere slike prosjekt dei næraste åra er avhengig av tilskot frå Husbanken.

Diverre foreslo AP/SP-regjeringa å fjerna heile statstilskotet til nye omsorgsplassar i Statsbudsjettet for 2023.

SV fekk inn at 500 plassar gjennom forhandlingane i Stortinget, men i sist veke fekk vi melding om at heile potten var brukt opp i løpet av januar.

Vi får altså ikkje drahjelp frå AP og SP i regjering. Til samanlikning løyvde FrP i gjennomsnitt midlar til 2200 plassar kvart av dei sju åra vi satt i regjering.

Uansett må vi no løysa utfordringa knytt til drift innan helse- og omsorgsområdet. Deretter skal vi utvikle eldreomsorga vidare i Bjørnafjorden kommune.

FrP har alltid prioritert eldreomsorga, - det vil vi også gjera om vi får høve til å styra kommunen etter kommunevalet 11. september!

Terje Søviknes
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.