Lokal | 02. okt. 2017

God start på hummerfisket

Veteran John Lepsøy (84) er nøgd med tre hummer nær kiloen.

God start på hummerfisket
John Lepsøy var godt nøgd med fagsten den første dagen av hummerfisket (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 02. okt. 2017 16:36

1. oktober starta det lovlege hummerfisket. Nytt i år er at alle som skal fiska etter havets kardinal er nøydd til å registrera seg hos fiskeridirektoratet, noko heile 423 osingar hadde gjort fredag i førre veke.

Ein av dei som har registrert seg er hobbyfiskar og oselvarentusiast John Lepsøy.

– Eg har ni teiner i år. Nokre her rundt hamna og nokre ute ved hytta i Blindasundet. Starten på årets fiske er eg godt nøgd med. Eg fekk totalt fem hummer, fortel ein blid John Lepsøy då han kjem roande inn att til Oselvarnaustet måndag ettermiddag.

Tre nær ein kilo

Av dei fem han fekk i teinene måtte ein av dei gå utatt i då den var ei hoe med rogn.

– Tre av dei andre var skikkeleg bra. Eg vil tru dei ligg på nær ein kilo kvar. Så mange store på første dagen er ei god stund eg har opplevd, fortel fiskarveteranen som fortel at det ikkje blir ein så lang sesong på han i år.

– Eg har ikkje agn til meir enn ei vekes tid i år. Du veit eg nyttar berggylt og flyndre som agn. I år har det ikkje blitt så mykje fangst av det i forkant av sesongen.

Kan nesten gå tørrskodd

Lepsøy fortel at det ligg tett med teiner langs moloane og land.

– Det er slik som det pleier å vera ved starten. Det ligg langs alle land, tett som hakka møkk. Det er nesten så du kan springa tørrskodd på dei, ler Lepsøy, godt blaut etter å ha trekt dei siste teinene i eit skikkeleg drittvêr.

– Det var litt utfordrande å ligga ute ved moloen på Haugsneset i denne vesle robåten her, men med litt rutine gjekk det likevel greitt, avsluttar den spreke pensjonisten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.