Politi | 19. aug. 2022

Hadde promillekontroll utanfor Vinmonopolet

Men den einaste trafikksyndaren fann dei i Hegglandsdalen.

Hadde promillekontroll utanfor Vinmonopolet
Frå gårsdagens kontroll. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. aug. 2022 06:36

Torsdag hadde politiet promillekontroll i Os sentrum.

Patruljen sto i Hamnvegen, rett utanfor Vinmonopolet og resten av bygget dei sjølv tidlegare hadde kontor i.

Der har dei gjort fangst før, men ikkje i går.

– Det var 19 kontrollerte og ingen utslag, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

I 11-tida hadde dei kontroll i Hegglandsdalsvegen i samband med «Aksjon skuleveg».

Alle 37 kontrollerte var edru, men det blei også målt fart, og der blei det skrive ut tre forelegg.

Høgaste målte fart i 50-sona var 65 km/t, noko som fører til 4.150 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

I dag er politiet på aksjon skuleveg ved Søfteland barneskule.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.