Samferdsle | 15. nov. 2022

Halhjem-Sandvikvåg innstilt grunna skodde

Oppdatert: I drift frå klokka 09.10.

Halhjem-Sandvikvåg er innstilt. Bildet er frå mai 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. nov. 2022 07:19

Klokka 22.44 måndag kveld varsla Vegtrafikksentralen om innstilt ferjesamband mellom Halhjem og Sandvikvåg.

Klokka 22.55 kom Torghatten Nord med sms med same beskjed.

Årsaka var tett skodde.

Ferjene har lagt i ro i heile natt og låg tysdag morgon framleis til kai.

OPPDATERT: Vegtafikksentralen varslar klokka 09.02 at sambandet kjem i normal drift igjen klokka 09.10.

VTS gjer merksam på at at det vil vera nokre forseinkingar, og at sambandet kan bli innstilt igjen på kort varsel.

Os hamn i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi vurderer eitt og eitt anløp. Overfartstida kan koma opp i halvannan til to timar, sa Anders Tøsse frå Torghatten Nord til BT måndag morgon.

Ifølgje BT byrjar ferjekaien då å fyllast opp, og Tøsse fråråda folk å køyra til Halhjem inntil vidare.

I drift

NRK Vestland seier det er enkelte sporadiske overfarter.

Ifølgje Marinetraffic.com er ferja «Lysøy» no i Langenuen på veg mot Halhjem og «Samnøy» er utanfor Øyane på veg til Sandvikvåg.

Halhjem-Våge går framleis, men Skjersholmane-Ranavik og Leirvik-Sløvåg (oppdatert kl 08.44) er ute av drift grunna skodde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.