Lokal | 28. des. 2012

Har forhandla ferdig

Ordførar og rådmann går for kjøp av "hotelltomta" ved Oseana.

Har forhandla ferdig
Os kommune har forhandla ferdig om kjøp av tomta som Os Sjøfront i utgangspunktet skulle bygga tre bustadblokker på. No kan det bli hotell ved Oseana. (Ill.: Os Sjøfront)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. des. 2012 13:50

I eit lukka ekstramøte i Os fomannskap blei det i oktober bestemt å gje fullmakt til ordførar Terje Søviknes og rådmann Knut Terje Rekve om å gå i forhandlingar med Os Sjøfront om kjøp av bustadtomta nærmast Oseana - i håp om vidaresal til aktørar som vil bygga og driva hotell på tomta.

Les òg: Er det plass til fleire hotell i Os?

– Frå vi fekk fullmakt og fram til no har vi vore i fem møte med Os Sjøfront, fortel Terje Søviknes.

– Og før jul blei vi samde om kjøpesum og vilkår, så no vil vi fremja sak til formannskapet i februar og kommunestyret i mars der vi går inn for kjøp av tomta.

Årsakene til at Os kommune engasjerer seg i saka er at dei meiner etablering av hotell ved Oseana både vil gje betre driftsvilkår for det nye kunst- og kultursenteret og vera eit positivt bidrag for vidareutvikling av Os sentrum som regionssenter for Midthordland og for handelsstanden på Osøyro.

Såg på førre avtale

I møta blei det, i tillegg til diskusjon om pris, sett på avtalen frå 2008, som omfatta Oseana, Os Sjøfront, forskottering, tilhøyrande infrastruktur og rekkefølgje på utbygging.

– Det blei, etter at avtalen blei ingått, endra rekkefølgje på utbygginga til bustadar på kai, i front ut mot sjø, før desse tomtene i bakkant.

– Men det er ikkje usemje om nokre punkt, det einaste vi har uteståande, og det er vi einige om, er rundt 5 millionar kroner som Os kommune har forskottert i utbygging av infrastruktur.

Desse pengane skal no betalast frå Os Sjøfront til Os kommune.

God tid - men ingen tilbakekjøpsavtale

Søviknes vil førebels ikkje ut med kjøpesum som er forhandla fram for den drygt tre mål store tomta.

– Men det er ei spesiell tomt og med delvis utbygd infrastruktur, så prisen er høgare enn ei tradisjonell råtomt.

– OBOS og Bergen Hotell Gruppen, som de var i dialog med i haust, høyres ut til å ha god tid på seg for eventuelt kjøp. Kan Os kommune sitja lenge på denne tomta utan å selja?

– Kommunen sit på ein del eigedom, og vi kan sitja ei stund på ein eigedom til, om kommunestyret går inn for kjøp.

– Men for området sin del så bør ikkje tomta stå utan bygning så lenge. Men eg ser for meg at det kan gå eit år eller to.

– Om de ikkje får selt innan forventa tid, ligg det noko tilbakekjøpsavtale eller opsjon for Os Sjøfront?

– Nei. Det blei diskutert, men Os Sjøfront ville ikkje garantera tilbakekjøp, så då ville ikkje vi gje dei opsjon heller. Så vi står fritt med denne tomta.

– Kva med regulering, kan det byggast hotell på dagens plan?

– Akkurat det skal planavdelinga vår no sjå nærmare på. Det ligg nokre formuleringar som opnar for denne type drift, men vi kan nok førebu oss på å laga ein ny, liten reguleringsplan på denne tomta, trur Terje Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.