Næringsliv | 29. okt. 2016

Har framleis hotellambisjonar

Petter Stordalen skal bruka milliardar i Bergen. Os Sjøfront er utselt. Kan dette ta tomta ved Oseana i retning hotell eller bustad?

Har framleis hotellambisjonar
Den eksklusive hotelltomta har sidan 2011 berre fungert som parkeringsplass. – Tomta har for høg verdi til at den ikkje blir bygd på, seier Søviknes. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. okt. 2016 08:30

Bildeserie:

Sånn var den opprinnelege planen. (Ill: Os Sjøfront AS)
Sånn var den opprinnelege planen. (Ill: Os Sjøfront AS)
I staden var det berre desse som blei bygd og selt. (Foto: KVB)
I staden var det berre desse som blei bygd og selt. (Foto: KVB)
1 av 2
Sånn var den opprinnelege planen. (Ill: Os Sjøfront AS)
I staden var det berre desse som blei bygd og selt. (Foto: KVB)

Tidlegare denne veka fortalte vi at bustadprosjektet Os Sjøfront er utselt. På sju år er det selt 126 husvære mellom Os kai og Oseana.

Les saka og sjå stor bildeserie frå 2006 til 2016.

OBOS har førebels ikkje meir å selja i Os kommune, bortsett frå to leilegheiter som er igjen i Solstrandvegen og det komande prosjektet Haugeterrassen.

Det er samtidig fire år sidan Os Sjøfront AS selte delar av tomta si til Os kommune, ei tomt det var planlagt tre bustadblokker på.

Os kommune var i dialog med fleire potensielle hotellbyggarar, men var tolmodig og rekna med at det kunne gå eit år eller to før tomta blei selt til ein aktør i hotellbransjen.

Berre ein parkeringsplass?

I 2012 blei det sagt at «for området sin del burde ikkje tomta stå utan bygning for lenge». No er området ferdig, men tomta ser likevel ut til å ha ein viktig funksjon som parkeringsplass for Oseana og gjestar i Mobergsvikjo.

– Vi ser at det er behov for endå meir parkering. Det bør byggast nok eit dekke med parkering sånn at kapasiteten blir dobla, seier ordførar Terje Søviknes.

Han avviser samtidig at tomta berre skal ha funksjon som parkering til Oseana.

– Anten bør det koma eit hotell her, elles får det koma bustadar. Tomta er for verdifull til berre å fungera som parkeringsplass.

Håp om hotell

– Det var ingen tilbakekjøpsklausul eller opsjon den gong kommunen kjøpte tomta. Er de i dialog med OBOS om å selja tomta tilbake?

– Nei. Tomta ligg der, men det har ikkje vore nokre framstøt i det siste. Slik ståa er no tenkjer eg at E39 jobbar for oss, seier Søviknes og siktar til bygginga av Svegatjørn-Rådal.

Les òg: – Ein flott plass å driva hotell

Når ny veg er ferdig mellom Bergen og Os i 2022 er også næringsområdet Lyseparken ferdig.

– Kan Lyseparken, som blir fem minutt frå Rådal, koma til å konkurrera med hotelltomta ved Oseana?

– Det kan koma hotell i Lyseparken, men det trur eg er endå lengre fram i tid, at det først må koma næring og mange arbeidsplassar i området før det blir interessant å bygga hotell der.

– Petter Stordalen fortalte denne veka til Bergens Tidende at han vil satsa milliardar på hotell i Bergen. Har han eller andre vist interesse i retning Os?

– Eg har vore i dialog med både Stordalen-selskap og personleg i direkte kontakt med Olav Thon tidlegare i år. Eg ser at begge førebels har veldig storby-fokus, seier Søviknes.

– Tomta ved Oseana låser ein del kapital for kommunen, men verdien ligg der og vi har framleis håp om at vi skal få eit sentrumsnært hotell ved kulturhuset, brygga og Mobergsvikjo.

Les òg: Er det plass til fleire?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.