Lokal | 09. feb. 2018

Har ikkje lukka lovbrota

Tilsynet med Borgafjell barnehage held fram. Os kommune ber om meir dokumentasjon.

Har ikkje lukka lovbrota
Lovbrota kommune sitt tilsyn har avdekka er framleis ikkje lukka. No ber kommunen om meir dokumentasjon (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. feb. 2018 12:54

I november blei det gjennom Midtsiden kjent at foreldre og tilsette var uroa over forholda i Borgafjell barnehage.

Dette gjorde at Os kommune, som barnehagemynde, opna tilsyn mot barnehagen. I tilsynet avdekka dei to lovbrot.

Barnehagen fekk frist på seg til å kommentere den førebelse tilsynsrapporten innan 16. januar 2018.

Les òg:

Mangler dokumentasjon

Os kommune har no vurdert og granska dokumentasjonen dei har mottatt frå barnehagen som svar på den førebelse tilsynsrapporten.

– Tilsynsteamet har vurdert og granska dokumentasjon som er mottatt innan gitt frist. Slik vi vurderer det er det manglar i mottatt dokumentasjon. Barnehagen må levere utfyllande dokumentasjon som nødvendig grunnlag for å lukke lovbrot, heiter det i eit brev kommunen sendte barnehagen tysdag denne veka.

Mottar framleis bekymringsmeldingar

I brevet etterlyser kommunen årshjul som synleggjer møtepunkter gjennom året, oversikt over politiattestar, oversikt over alle tilsette, oppdaterte tal for sjukefråvær, vaktlister, beredskapsplaner, personalhandbok, godkjente vedtekter og oversikt over ein møteplan for samarbeidsutvalet.

– Det vart i tilsyn 28.11.17 vist til oppstart av samarbeid med Bedriftshelsetenesta. Vi ber om å få framlagt namn på bedriftshelseteneste og konkret avtale for samarbeidet. Os kommune presiserte eigar sitt ansvar i rapport datert 12.12.17. Eigar vart bedt om å rydde opp i interne tilhøve og sikre informasjonsflyt i tida framover. Os kommune mottar framleis bekymringsmeldingar knytt til bemanning og informasjonsflyt og er framleis uroleg for tilhøva i barnehagen.

– Konfliktnivået i barnehagen har over tid komt til utrykk i media og gjennom konkrete henvendingar til Os kommune. I dialogmøte med barnehageeigar, onsdag 31.01.18, bad leiinga i Os kommune barnehagen om å vurdere bruk av brukarundersøking for å få eit samla bilete av føresette si oppfatning av barnehagen. Vi ber om tilbakemelding på om dette er vurdert.

– På bakgrunn av nyleg mottatte bekymringsmeldingar, dialogmøter og manglar i mottatt dokumentasjon finn ikkje Os kommune grunnlag for å lukke lovbrot som er påvist i «Førehandsvarsel om rapport etter stadleg tilsyn i Borgafjell barnehage fredag 3.11.17. og tysdag 28.11.17», konkluderar Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.