Fotball | 23. mai 2023

Har sett seg nye mål mot NM 2024

– Første steg er påfyll av spelarar.

Har sett seg nye mål mot NM 2024
Lagleiarar, trenarar og veteranspelar Emil med herrelaget sin pokal. F.v.: Alexander, Tor Arne, Lars Petter, Emil, Ole og Endre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. mai 2023 11:10

Prosjekt Livskvalitet, som etterkvart omfattar alt frå ski- og sykkelverkstad til ei rekkje idrettar, inkludert blant anna klatring, golf, fotball og Norges første gatelag i handball, kom nyleg heim frå ein vellykka debut i «NM», den årlege Nasjonal turnering i Sandvika utanfor Oslo.

Os stilte med to lag, eit herrelag og eit damelag. Herrelaget tok 3. plass i sitt sluttspel, damelaget fekk Fair Play-pris.

Eventyrleg debut i Landsturneringen av to lag frå Os. (Foto: Privat)
Les ògVar einaste NM-debutant - kom heim med to pokalar

– Det er skrive inn mange fine meldingar inn på messengergruppa etter heimkomst, tilbakemeldingar frå spelarane som varmar.

– Desse meldingane viser at det å få reisa på tur saman, besøka hovudstaden, bu på hotell, delta i NM og oppleva den fine fellesskapen med dei andre gatelaga har høg verdi for kvar enkelt deltakar. Alle ønskjer å gjera dette igjen, men det er inga selvfølge at vi får til, seier Tor Arne Hitland.

Blant dei andre 37 deltakarane var lag som er knytt til norske topp-klubbar, med eige budsjett til gatelaga på over éin million kroner. Os har i utgangspunktet ingenting. Å tappa midlar frå eigen ski- og sykkelverkstad var ikkje aktuelt.

– For det første kostar det ein del pengar å senda delegasjonen på tur ei helg. Det ordna seg denne gong, takka vera støtte frå Liverbirds, brei støtte via Spleis og, ikkje minst, ei rekkje sponsorar henta inn av Endre Brenne på Os Fotball. Han har allereie ei stor avdeling av eit stort idrettslag å driva, og vi har ein jobb å gjera med å prøva å få inn støtte nok til neste år. Eg kan ikkje venta at Os Fotball skal henta desse kronene for oss år etter år.

Brenne er glad for at han kunne vera med på å senda desse laga til landsturneringa.

– Spelarane på gatelaget er både til hjelp for resten av Os Fotball, med fleire praktiske oppgåve, og ein kjærkomen tilvekst til miljøet på Kuventræ.

For det andre har gatelaget plass til fleire spelarar.

– Vi hadde påmeldt to fulle lag, altså 8 pluss 8 spelarar, men nokre blei i siste sving hindra frå å reisa, så då blei vi litt få. I ein periode var det gule drakter i alle dei tre telta som Norsk Folkehjelp hadde for skadde, fortel Hitland og ler.

Å spela kamp etter kamp røyner på, spesielt om du har få innbytarar.

– Alle kom heim igjen like heil og veldig nøgd, men vi bør ha ein større tropp med oss neste gong. Det viste også resultata. Vi leia fleire av kampane vi tapte, det var fleire gongar tydeleg at vi hadde litt for få innbytarar.

F.v.: Robert, Tor Arne, Emil og Cathrine saman med Endre Brenne frå Os Fotball. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògUtvida «opptak» til Os gatelag

I kamp er det fire på banen om gangen. I år reiste Os bortover med 5 damer og 8 menn.

I tillegg kjem lagleiar og trenar. Tor Arne Hitland var lagleiar for begge lag, Alexander Dymbe var trenar for herrelaget og Lars Petter Grønvigh for damelaget. Ole Johnny Johnsen var i utgangspunktet keeper, men då kneet ba om kvile gjekk han over til å hjelpa Hitland som lagleiar nummer to.

– Frelsesarmeen har ein pool du kan hyra spelarar frå. Lars Petter nytta seg av dette, i tillegg til at han fekk låna nokre damespelarar frå Stord, som vi har kontakt med frå før.

– Men vi ønskjer helst å stilla med eige mannskap, og at folk frå vår gruppe og vår bygd får lov å oppleva neste NM-eventyr.

No håper dei på å finna endå fleire som vil vera med på trening gjennom året og til NM neste år. For det er eit klart mål å bli ein fast NM-deltakar.

– Med fleire på trening blir øktene også endå betre og kjekkare.

– Ved sidan av turen, er det også ein sjanse å bli tatt ut på landslaget. Gatelaga sitt landslag har ein filosofi om at alle som ønskjer å vera med på landslaget, skal før eller seinare få lov, så det er håp også for dei som ikkje utmerker seg sportsleg. Dei som er på landslaget kan fort få seg ein utanlandstur. I år reiser landslaget til California.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.