Kultur | 24. juni 2025

Hatt utlegg for strandrydding? Då kan du søka refusjon.

Både frivillige og avfallsselskap kan få dekka utlegg. Sjå kva kriterium som gjeld.

Hatt utlegg for strandrydding? Då kan du søka refusjon.
RYDDEDUGNAD Foto: Hold Norge Rent
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatysdag 24. juni 2025 10:30

Refusjonsordninga er open for alle som har hatt utgifter knytt til transport av frivillige, eller transport og/eller behandling av eigarlaust marint avfall etter ryddeaksjonar.

Både frivillige og avfallsselskap kan søkja.

Det er også mogeleg å søkja om støtte om dei frivillige har fått enkel servering under dugnaden.

Med særleg grunngjeving kan det bli innvilga å få dekka utgifter til reparasjon eller tap av ryddeutstyr.

Det er den ideelle organisasjonen Hold Norge Rent som har fronta Ryddeaksjonen 2025, og som no står for organiseringa av refusjonsordninga. Miljødirektoratet finansierer ordninga.

Søknadsfristen er 17. november, og refusjon blir betalt ut innan årsskiftet.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.