Kultur | 17. sep. 2021

Helga i Os: Handballkamp, konsertar, barneteater og kunst

Her er noko av det som kan underhalda deg i heimbygda dei neste dagane.

Helga i Os: Handballkamp, konsertar, barneteater og kunst
Jimmy i Oseana, Døsvig på Vedholmen Galleri, Ayleen i lufta for handballdamene på søndag og David klar til å forsvara Os mot serieleiar Frigg laurdag. (Foto: Peter Marron og Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 17. sep. 2021 08:19

Ny, fast spalte kvar torsdag/fredag: Tett med ønskje om førehandsomtale av ulike arrangement gjer at vi i tida som kjem vil samla dette i éi oversikt - både for at vi skal få plass til flest mogleg, og for at du som lesar skal få ein oversikteleg inngang på helga. Har du arrangement som bør inn neste veke - send til tips@midtsiden.no.

Denne helga byr blandt anna på fleire heimekampar i lokalfotballen, livemusikk på både Catten og Elvehuset, heile åtte kampar på sportsbaren, gratis uteyoga i sentrum og Oseana kan skilta med både Jimmy Øvredal og teater.

Søndag har handballdamene seriestart på heimebane!

Sport og opplevingar

Handball - seriestart:

Det nye damelaget til Os, der 13 av 15 er debutantar dennesesongen, har seriestart på heimebane søndag.

Kampen går mot NHHI og startar klokka 17.40 i Oshallen.

Mobilitetsveka 2021:

Laurdag 18. september kl 09:00: Gratis uteyoga på Oseana kunst- og kultursenter

Laurdag 18. september kl 11:00: Sykkelservice og Vil Vite-show i regi av Miljøløftet

I samband med markering av Mobilitetsveka, vil Os sentrum vera stengt for biltrafikk frå klokka 8.30 til klokka 16 laurdag 18. september.

Oseana har hatt uteyoga på menyen før. (Foto: KVB)
Oseana har hatt uteyoga på menyen før. (Foto: KVB)

Seniorfotball:

Fredag 17. september kl 20.00: BI Bergen - Søre Neset, 5. divisjon, menn.

Laurdag 18. september kl 14.30: Os - Frigg, 3. divisjon, menn.

Borte: Laurdag 18. september kl 14.00: Sandviken - Lysekloster, 3. divisjon, menn.

Laurdag 18. september kl 17.00: Hasunds Hund - Nore Neset, 6. divisjon, menn.

Søndag 19. september kl 16.00: Os/Nore Neset - Gneist, 3. divisjon, kvinner.

Søndag 19. september kl 18.00: Os 2 - Arna Bjørnar, 4. divisjon, menn.

Uteliv

Elvehuset:

Fredag 17. september kl.21:30: Live musikk - Texmanians / The Spiders

Laurdag 18. september kl.21:30: Live musikk - Texmanians

Texmanians kjem frå Bergen og spelar Electric blues, influert av 70-tals blues og rock. Med seg på scena har dei også Marianne Evensen Østrem og Anna Lisa Lekven.

På fredagens konsert har bandet fått med seg The Spiders som gjestar. For dei som minnast popeksplosjonen på 60-talet, så var The Spiders eit suverent band som reindyrka MODS stilen.

Billettar på Ticketco.

Sist The Spiders spelte i Os er for 50 (!) år sidan.
Sist The Spiders spelte i Os er for 50 (!) år sidan.

Catten Nightclub:

Fredag 17. september: Pubkveld
Laurdag 18. september: Live musikk frå 23.00 - 02.00

Sportsbaren viser fleire kampar, gjerne på same tid, på ulike skjermar. Her er nokre av kampane som går i helga:

Fredag 17. sept:
Kl. 21:00 Newcastle - Leeds

Laurdag 18. sept:
Kl. 16:00 Burnley - Arsenal
Kl. 16:00 Liverpool - Crystal Palace
Kl. 16:00 Man City - Southampton
Kl. 18:30 Aston Villa - Everton

Søndag 19. september:
Kl. 15:00 West ham - Man Utd
Kl. 17:30 Tottenham - Chelsea
Kl. 20:00 Tromsø - Brann

Oseana

Laurdag 18. september 19.00: Bygdakveld – Ord og tone av Jimmy Øvredal

Søndag 19. september 17.00: Riksteatret: Høna, egget og reven

Søndag 19. september 12.00: Omvisning i Griegsamlingen og Galleri Hvelvet:
Jørgen Larson guider publikum gjennom utstillingane «Friluft,» med gull frå Griegsamlingen, og «Historiene bak historien» av Arvid Pettersen i Galleri Hvelvet.

Vedholmen Galleri

Laurdag 18. september 14.00: Vernissasje
Cecilie Galtung Døsvig, Høstutstillingen 2021 - Maleri

«Mye farger og lysere toner er gjennomgående for alle maleriene denne gangen, med ren natur og nesten forførende stemningsbilder. Relasjoner mellom mennesker er fortsatt et tema i kunsten hennes.»

Musikk ved Suzanne Starr

Utstillinga står til søndag 17. oktober

Laurdag er det ny vernissasje ved Vedholmen Galleri. (Arkivfoto: KVB)
Laurdag er det ny vernissasje ved Vedholmen Galleri. (Arkivfoto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.