Kultur | 25. jan. 2013

Sjå Audrey Horne-videoen frå Askviknes

VIDEO: Audrey Horne får terningkast 6 i VG for albumet "Youngblood". I dag er det også release av musikkvideoen som blei spelt inn i Os for 13 (!) dagar sidan.

Frå innspelinga på Askviknes. (Foto: Camilla Renée Rysjedal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. jan. 2013 11:09

– Vi er kjempenøgd med videoen. Eg synes den blei både morosam og energisk, eg er imponert over kva vi, med god hjelp av osingar, fekk til på så kort tid, seier Torkjell Rød til Midtsiden.no.

Videoen til singelen "Redemption Blues" blei spelt inn på Askviknes laurdag 12. januar.

Les òg: Full fest for Audrey Horne

I tillegg til at Os kommmune, Os Rockeklubb, Varde Film og Media og mannskap frå festivalen Søfteland Rock N LOL stilte opp med lokale, møblar, effektar og utstyr, kom mange osingar på location for å delta som statistar.

Blant dei som har fått ekstra synlege roller i videoen er Bone Shakers-vokalist Christian Andersen, som speler den unge versjonen av hovudrollefiguren (spelt av Finn Hult), og tidlegare Gatebil-modell Linn Beate Riley, som stilte i leopardkjole og flørta med den gamle, tidlegare rockaren.

Stolt og takksam

– Dette blei eit godt stykke Os-historie. Eg er rett og slett litt stolt, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå Os Rockeklubb og kultureininga i Os kommune.

Det var Grønvigh som sparka heile dugnadsinnsatsen for Audrey Horne i gang.

– I etterkant har eg fått mange fine tilbakemeldingar frå statistane, frå folk som gav vekk ein heil laurdag, men som er takksame for at dei fekk lov.

– Det er stas å bu i ei bygd der folk stiller opp på denne måten.

Sleppefest, terningkast og turné

Rød og resten av bandet er i skrivande stund på Hemsedalsfjellet, på veg til fullsett Rockefeller for sleppefest saman med Black Debbath.

I morgon ventar Garage i Bergen, og så blir det stille nokre veker før konsert i London, turné i Tyskland, turné i England og fleire festivalar i blant anna Tjekkia, Frankrike og Sverige.

– Arve blir opptatt med Enslaved nokre veker i februar, men så trappar vi opp tempoet. Det blir sånn passeleg travelt framover, men neppe tid til innspeling av fleire musikkvideoar før etter turneane, seier Torkjell.

Albumet "Youngblood" blei sleppt i dag og har fått 3 i Aftenposten, 4 i BA og Dagbladet og 6 i VG. I tillegg er albumet kåra til månadens album både i Metal Hammer og Rock Hard i Tyskland.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.