Næringsliv | 06. sep. 2013

Her er den nye sjøfronten

StorBergen la i dag ut Os Sjøfront 2 for sal.

Her er den nye sjøfronten
Utsikt frå felles takterrasse mellom blokk-delane i Sjøfront 2. (Ill. Link/Os Sjøfront)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. sep. 2013 09:01

I august i fjor var det innflytting i den første blokka i Os Sjøfront, i mars og april i år var det innflytting i dei to siste og i mai blei den siste av i alt 86 leilegheiter selt.

Men området inneheld også tomt langs Mobergsbakken, frå krysset til Oseana. Tomta nærmast Oseana er selt til Os kommune, som jobbar med å få nokon til å bygga hotell på tomta.

Tomta nærmast krysset og Os sentrum skal det byggast fleire husvære og i dag er Storbergen klar med Os Sjøfront no 2, som dei kallar det nye prosjektet.

37 leilegheiter

Prosjektet inneheld 37 leilegheter i éi samanhengande blokk, delvis stykka opp med varierande etasjehøgd, i blokk A (nærmast Os sentrum), B og C.

– Vi er veldig nøgd med det vi no kan by på, ikkje minst med utsikta, seier meklar Kristin Stave i Os Sjøfront.

Husværa er i tre storleikar, 2-roms på 52 kvm og 3-roms på 73 og 80 kvm.

– Rettar oss mot osingar

Medan prisane i første Os Sjøfront varierte frå 1.750.000 til 8,9 millionar kroner er det mindre variasjon i Sjøfront 2.

– Vi vil retta oss mot osingar som vil flytta frå noko stort til noko mindre og lettare å halda, og samtidig når vi kanskje nokre unge bustadkjøparar, sånn som vi gjorde i første trinn, seier Stave.

I Sjøfront 2 varierer prisane frå rett over 2 til rett over 4 millionar kroner.

Fellesgjeld og parkering

Os Sjøfront er burettslag og Stave seier at kjøparane har stor valfridom når det kjem til nedbetaling av fellesgjeld.

– Dei kan velja å betala ned heile eller delar av fellesgjelda i kjøpesummen eller nedbetaling månadsvis etter innflytting.

Sjøfront 2 har ikkje parkeringsanlegg i underetasje, sånn blokkene på kaien har.

– Dei første kjøparane kan kjøpa parkeringsplass i garasjen under K-blokka, dei andre får plass på tomta til kommunen og seinare i samband med eit eventuelt hotell.

Byggestart på nyåret?

Om responsen blir god frå start er det ikkje lenge til byggestart på Sjøfront 2.

– Første kvartal 2014 er målet, seier Kristin Stave.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.