Politi | 04. aug. 2025

Hjortekalv måtte avlivast

Blei påkøyrd på Hegglandsdalsvegen søndag kveld.

Hjortekalv måtte avlivast
Kalven blei avliva i nærleiken av der den blei påkøyrd. Foto: privat / Hans Marius Eide
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 04. aug. 2025 13:10

Søndag kveld blei ein hjortekalv påkøyrd på Hegglandsdalsvegen.

– Bilen fekk skade på støtfanger, hjorten sprang frå staden, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Påkøyrsla skjedde nær Hegglandsvatnet. Vilkontakt blei varsla.

– Den var lett å finna, 30 meter frå staden. Mora heldt seg i nærleiken.

Kalven var skadd og måtte avlivast.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.