Meining | 15. mars 2023

Høgre vil innføra fritt skuleval

Lesarinnlegg: Hausten 2020 fjerna Arbeiderpartiet og posisjonen fritt skuleval i Vestland. Resultatet er at færre elevar får førstevalet sitt enn før.

Høgre vil innføra fritt skuleval
Silja Ekeland Bjørkly. (Foto: Vestland Høgre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. mars 2023 08:19

Hausten 2020 fjerna Arbeiderpartiet og posisjonen fritt skuleval i Vestland. Argumentasjonen deira var at fleire skulle få gå på nærskulen sin. Resultatet er at færre elevar får førstevalet sitt enn før, og modellen har fått store konsekvensar for fleire elevar.

  • Ingrid og Tuva ynskte å gå idrettslinja i Sogndal, men måtte gi opp draumen fordi dei hadde feil postnummer og ikkje fekk nærskulepoeng.
  • Sondre og Oliver måtte flytta på hybel – sjølv om dei hadde søkt på nærskulen i Førde. Snittet var rett og slett for høgt, så sjølv om begge gutane hadde gode karakterar og fekk nærskulepoeng, heldt det ikkje. Dette viser at modellen ikkje gir valfridom, og heller ikkje sikrar at alle kan gå på nærskulen sin.
  • Agnes frå Modalen ynskte å gå på skule i Bergen, men får berre nærskolepoeng til Knarvik eller Austrheim. Ho seier det er dumt at ho ikkje har eit fritt skuleval. FAU ved Mo skule skreiv difor eit brev til politikarne der dei åtvara om at «nærskuleprinsippet får uheldige konsekvensar for ungdommane i Modalen og dei får avgrensa moglegheiter samanlikna med naboane sine i Eksingedalen til dømes».

Meir tydeleg enn det blir det ikkje.

Etter at alle desse sakene vart kjende i avisa har posisjonen gjort unntak frå modellen for å bøta på dei uheldige konsekvensane.

Posisjonen har til saman måtte laga svimlande 50 unntak på godt og vel to år fordi modellen har slått så uheldig ut.

Ikkje berre vitnar dette om at modellen er fullstendig feilslått – det fører også til at inntakssystemet blir byråkratisk, uføreseieleg og uforståeleg for elevane.

Slik kan me ikkje ha det.

Nyleg kunne rektoren på Firda vgs fortelja at nærskulemodellen har slått uheldig ut for skulen deira. Han fortel vidare at han håpar at ordninga med nærskulepoeng blir fjerna. Det er eit overtydeleg signal til Arbeiderpartiet og venstresida om at modellen deira ikkje fungerer.

Med fritt skuleval fekk elevane sjølv velja kva skule dei ynskte å gå på. Samstundes som dei aller fleste kom inn på førstevalet sitt, var modellen føreseieleg og langt mindre byråkratisk enn nærskulemodellen til venstresida.

Dersom Høgre vinn valet til hausten, vil me prioritera å gjeninnføra fritt skuleval som noko av det første me gjer.

Ordninga skal inkludera ein reisetidsgaranti som gjer at ingen elevar skal risikera å måtte flytta heimanfrå dersom dei ikkje har gode nok karakterar.

På den måten gir me fridommen tilbake til elevane samtidig som me sikrar at ingen må flytta på hybel, dersom dei ikkje ønskjer det.

Det er på høg tid å gi elevane i Vestland valfridommen tilbake ved å skrota nærskulemodellen til venstresida. Det er på tide å gjeninnføra fritt skuleval.

Silja Ekeland Bjørkly
fylkesordførerkandidat, Vestland Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.