Næringsliv | 26. jan. 2023

Klimakrise? Kjernekraft?

Professor Jonny Hesthammer frå Norsk Kjernekraft AS sette energi - og tryggleik - i perspektiv.

Klimakrise? Kjernekraft?
Styreleiar i Norsk Kjernekraft AS heldt foredrag i Vognhallen i Os i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. jan. 2023 10:55

Selskapet Norsk Kjernekraft vil kjøpa modulbaserte kjernekraftanlegg for installasjon og drift i Norge.

Anlegga er på storleik med ein fotballstadion, vil gi 75 arbeidsplassar, ha ein tryggleiksone som går rett utanfor «stadion» og stenga seg sjølv ned i tilfelle ulykke, terror, jordskjelv eller liknande.

Norsk Kjernekraft vil kjøpa og driva ei rekkje slike modulære, serieproduserte anlegg i Norge. (Ill.: Norsk Kjernekraft)
Norsk Kjernekraft vil kjøpa og driva ei rekkje slike modulære, serieproduserte anlegg i Norge. (Ill.: Norsk Kjernekraft)

Eitt anlegg åleine vil produsera 2,6 terrawatt-timar i året - tilsvarande 3/4 av Bergen sitt straumforbruk.

Meir om dette seinare.

Kjernekraft er aktuelt tema i rikspressen om dagen. Unge Høyre pressar moderpartiet, og Norsk Kjernekraft var representert i Debatten på NRK tysdag.

Onsdag hadde Bjørnafjorden Høyre invitert styreleiar og medeigar i Norsk Kjernekraft AS, Jonny Hesthammer, til å halda foredrag i Vognhallen.

Bildeserie:

Marie Lunde Bruarøy (H) ønskte velkomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Marie Lunde Bruarøy (H) ønskte velkomen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi er heldige som har folk i lokalpartiet som kan gi oss gode foredragshaldarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Vi er heldige som har folk i lokalpartiet som kan gi oss gode foredragshaldarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susanne Møgster Sperrevik frå Bjørnafjorden Høyre er medeigar og styremedlem i Norsk Kjernekraft AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susanne Møgster Sperrevik frå Bjørnafjorden Høyre er medeigar og styremedlem i Norsk Kjernekraft AS. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3

– Vi er heldige som har krefter internt i partiet som klarer å skaffa oss gode foredragshaldarar. Det set vi pris på, sa ordførarkandidat Marie Lunde Bruarøy.

Ho sikta til tidlegare leiar i Os Høyre, Susanne Møgster Sperrevik. Ho er medeigar og styremedlem i Norsk Kjernekraft og M Vest-gruppa, som har Trond Mohn og Lars Moldestad som største eigarar.

Klimakrise?

Hesthammer innleia med å fortelja om bakgrunnen sin som geolog og geofysiker, som professor og forskar ved Universitetet i Bergen og som gründer av ei rekkje olje- og gasselskap.

– Det er behov for reinare energi og meir energi, men bilda media teiknar er ikkje heilt rettvise. Først var det snakk om klimaendring, så klimakrise og no, klimakatastrofe. Vi menneske har ein tendens til å reagera med frykt når det er noko vi ikkje forstår, då blir det fort mykje katastrofeprat.

– Fleire faktorar viser tvert imot at det er mykje som har blitt betre med åra.

– Vi treng ei endring, men vi må ha ei realistisk tilnærming til overgangen frå fossil til fornybar energi, sa Hesthammer.

Så viste han tal og tabellar for å setja ting i perspektiv:

Bildeserie:

Trass kraftig auke i folketalet i verda, har mengda ekstrem fattige gått ned frå 1970-talet. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Trass kraftig auke i folketalet i verda, har mengda ekstrem fattige gått ned frå 1970-talet. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Mengda døde i naturkatastrofer har også gått kraftig ned. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Mengda døde i naturkatastrofer har også gått kraftig ned. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Berre 6.000 av 56 millionar som døydde i 2019, omkom grunna naturkatatrofer. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Berre 6.000 av 56 millionar som døydde i 2019, omkom grunna naturkatatrofer. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
1 av 3

– Dei verste naturkatastrofene vi har i dag er jordskjelv, og dei er ikkje klimarelaterte.

– Framtidsutsiktene som blir viste er også misvisande, sa han, og viste ein illustrasjon av ein oversvømt versjon av Miami Beach i år 2070.

– Som om innbyggarane i Florida vil sitja heilt i ro, tiår etter tiår, mens vatnet stig. Nederlendarane justerte seg etter forholda ved å bygga diker allereie for 800 år sidan, vi kan også tilpassa oss andre stadar, sa han.

Forbruket vil veksa - også i Norge

Mengda fattige i verda blei redusert i takt med kraftig auke i energibruk frå 1970-talet.

– Energibruken har auka enormt etter andre verdskrig, og det vil halda fram med å auka, spådde Hesthammer.

– Dette er trass fokus på straumsparing. 60 prosent av energien vi bruker går nemleg ikkje gjennom stikkontakten heime, men til transport og oppvarming.

Bildeserie:

Energibehovet er stort og veksande. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Energibehovet er stort og veksande. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Forbruket veks også fortare enn menga fornybar, som prosentvis har gått ned frå 1990. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
Forbruket veks også fortare enn menga fornybar, som prosentvis har gått ned frå 1990. (Tabell: Norsk Kjernekraft)
1 av 2

Fram til 2050 vil energibehovet i Norge bli meir enn dobla. Hesthammer ramsa opp tre årsaker:

  • elektrifisering av fossilt forbruk
  • vi blir 1 million fleire innbyggarar i Norge
  • vi skal etablera kraftkrevjande industri

– Når 50 prosent av den fornybare energien vår er vêravhengig, seier det seg sjølv at vi hamnar i ein sårbar situasjon.

– På verdsbasis, om vi ikkje justerer tilbodet på energi framfor å prøva å tilpassa etterspurnaden, vil prisane på energi, og fattigdomen i verda, gå opp.

At andelen fornybar har gått ned frå 14 til 12 prosent frå 1990 til 2019, gjer at Hesthammer reagerer på dagens ordforråd om petroleum.

– Det blir snakka om utfasing av fossil energi om 30 år, men vi er ikkje i nærleiken av å planlegga nok produksjon av fornybar energi til den tid. Det er til og med nedtrapping av leiting etter olje og gass allereie no. Leiteaktiviteten gjekk ned under oljekrisa i 2015, og har ikkje kome seg opp igjen.

Tre dødsfall per 1000 år

Fare for ulykker og stråling er eit motargument kjernekraft-tilhengarane er vant med å høyra.

– Det er eit teikn på at du byrjar å bli gamal, sa programleiar Fredrik Solvang i Debatten på NRK.

Dei som er vaksne i dag minnest Tsjernobyl-ulykka (1986), med opp mot 100 døde. Og så har vi dei to andre store, Three Mile Island-ulykka (1979) og Fukushima-ulykken (2011).

– I Fukushima hadde dei eit anlegg bygd som i USA, der dei har reaktorane i bakken for å ligga skjerma for tornadoar, noko som var lite praktisk då ein tsunami kom og oversvømte delar av byen, sa Hesthammer.

Vasskraft, som tar flest liv, blir gjerne ikkje sett på som like skummelt.

– Mange har høyrd om Tsjernobyl, som i sum åra etter kan ha tatt opptil 4.000 liv. Men har du høyrd om demninga i Zaporizhzhia i Ukraina? Stalin sprengte den i 1941 og ein stad mellom 25.000 og 100.000 omkom.

– Det kan skje igjen, både krig, terror og ein brist. I Norge har NVE ei liste over 203 utsette demningar. Folk nøler ikkje på å senda ungane på veg til skulen under ein demning, å spasera forbi eit kjernekraftanlegg ville vore tryggare.

– I dag er det 450 reaktorar i drift i verda. Om alle hadde vore skifta ut med moderne anlegg er det rekna ut at vi ville hatt eitt dødsfall per 315. år, altså tre dødsfall per 1000 år.

Vindkraft har dei hyppigaste ulykkene, vasskraft dei mest dødelege og kjernekraft dei mest kostbare økonomisk.

– Kva om noko går gale på eit «fotballstadion-kjernekraftanlegg»?

– Dei stenger seg ned sjølv, dei er sokalla walk-away-safe. Du treng berre spasera ut av anlegget.

– Eg forstår at stråling høyrest skummelt ut, men vi blir utsette for stråling fleire stadar, frå for eksempel bergartar, matvarer og teknologi.

– Om Nationaltheatret i Oslo var eit kjernekraftanlegg ville det blitt stengt på dagen, tar du ein langdistanse flytur tilsvarer det fire gongar strålemengda nordmenn gjennom nesten 50 år frå Tsjernobyl.

Éin lekkasje = to bananer

Lagring av radioaktiv avfall frå reaktorane er eit anna ankepunkt.

– Finnane er nesten ferdige med si løysing, 400-500 meter under bakkenivå, pakka inn i blant anna kobber.

– Om det skulle koma ein lekkasje frå desse, vil mengda radioaktiv stråling tilsvara det du får i deg om du spiser to bananer i året.

Dei fire atomreaktorane vi har hatt i Norge for forsking (tre på Kjeller og éin i Halden), som har vore i drift i mange år, har i løpet av desse åra ført til ein sum avfall på 17 tonn.

– Storleiken på 17 tonn er berre éin kubikkmeter.

Det har blitt argumentert med at det ikkje finst noko velutprøvd løysing for lagring av atomavfall.

– Det er for tidleg å argumentera med, kravet er nemleg 40 år med midlertidig lagring før noko meir permanent.

– Vi har heller ikkje noko velutprøvd system for lagring av avfallet frå gamle vindmøller eller solcellepanel heller.

Overveldande respons

Hesthammer reagerer på at energiminister Terje Aasland (Ap) umiddelbart etter Norsk Kjernekraft AS si lansering, sa at han ikkje utelukker nokre energikjelder - utanom kjernekraft.

Han reagerer også på at Høyre-leiar Erna Solberg seier at ingen vil ha kjernekraftanlegget i sin kommune, og i alle fall ikkje lagring av avfall.

– Behovet er stort og aukande, vi bør justera tilbodet på energi framfor forbruket, elles går prisane og fattigdomen opp, åtvara Hesthammer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Behovet er stort og aukande, vi bør justera tilbodet på energi framfor forbruket, elles går prisane og fattigdomen opp, åtvara Hesthammer. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Etter lansering har rundt 20 kommunar ringt oss og vist interessse for eit slikt anlegg. Til og med ein bonde har ringt for å ha det på garden sin.

– Og sjå på Halden, som no ønskjer både å bli eit lager for radioaktiv avfall frå heile Norge, og å bygga eit kompetansesenter for å eksportera kunnskap til Europa.

Målet til Norsk Kjernekraft no er delt i tre.

– Vi vil opplysa folk, det ser vi det er behov for, vi vil jobba politisk og juridisk med reglar og lovverk og vi vil sjå på lokalisering.

– Vi er godt i gang, og det har skote fart og fått ei mottaking langt over det vi kunne venta oss.

Pris og lønsam drift

Norsk Kjernekraft reknar med at prisen på eitt anlegg vil ligga på rundt 9 milliardar kroner, men at denne vil gå ned mot 6-7 milliardar når dei byrjar å kjøpa inn fleire.

Det blir 75 arbeidsplassar delt i tre skift per anlegg.

Levetida til anlegget er minst 60 år, men kan forlengast til 80 og 100 år.

– Vi har rekna på mengda energi du får utav eit slikt anlegg opp mot eit oljefelt på 50 millionar fat, begge med ganske likt behov for investering, og kjernekraft gir langt meir energi.

– Kva straumprisar må til for at det er lønsamt?

– Viss prisen er 60 øre eller meir tener vi pengar.

– Så om den går tilbake til prisane vi hadde for to-tre år sidan, kan de då setja anlegget på pause og permittera folk?

– Eg trur ikkje prisane skal tilbake der. Eit anna fortrinn er at vi kan gi fastprisavtale med svært lang levetid, gjerne fleire tiår. Det vil gi gode vilkår for næringslivet om for eksempel Curvus i Lyseparken får veta at dei kan kjøpa straum for 60 øre dei neste 30 åra.

Senior på linje med junior

– I dag lærte eg mykje, sa Bjørnafjorden Høyre sin ordførarkandidat då ho takka for foredraget.

Også Ernst Hoff frå Bjørnafjorden Senior Høyre var på plass.

– Unge Høyre nasjonalt kjempar for både velviulje og tempo i moderpartiet, kvar står seniorane i Bjørnafjorden Høyre?

– Eg har vore interessert i og positiv til kjernekraft i fleire år, og synest foredraget var kjempebra, seier Hoff.

Bildeserie:

Roger Hoel (t.v.) og senior partikollega Ernst Hoff. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roger Hoel (t.v.) og senior partikollega Ernst Hoff. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sigurd P. Laugen fekk ein fagprat med Hesthammer etter foredraget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sigurd P. Laugen fekk ein fagprat med Hesthammer etter foredraget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Tidlegare kommunestyremedlem og ordførarkandidat for Sp i Os, no Høyre-medlem, Sigurd P. Laugen, var i si tid på veg inn i same fag.

– Eg kom inn på realfaglinje med atomfysikk, men linja blei lagt ned før den kom i gang, dei hadde ikkje lærarar, fortel Laugen.

– Sidan har eg hatt energi og kjernekraft som interesse ved sidan av jobb i forsikringsbransjen. Det var eit fint foredrag som gav eit godt overblikk, meiner Laugen.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.