Kultur | 24. aug. 2012

– Høgt opp og breitt ut

Oseana-hausten: Vamp, Susanne Sundfør, Hellbillies, Kari Bremnes, Heine Totland/Gisle Børge Styve, Lyssandjubileum og Litteraturfestival.

Andris Hamrefredag 24. aug. 2012 07:59

Oseana sleppte torsdag eit utruleg spennande og variert program for hausten. For å sitera arrangementssjef Berit Steen "Her er det berre å vera om seg".

- Eg er utruleg stolt over programmet. Vi har gått høgt opp og breitt ut, seier ho.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Fleire headliners

Etter vel eitt års drift har Oseana kunst- og kulturhus fått eit godt omdøme i artist-Noreg, noko det at Vamp har bedt om å få koma tilbake er eit bevis på.

- Her bør det vera noko for ein kvar smak, meiner Steen, som ramsar opp namn som Vamp (24.11), Susanne Sundfør (26/9), Vidar Johnsen (9/10), Hellbillies (12/10), og Kari Bremnes (24/10).

- Susanne Sundfør sleppte vi tidlegare i sommar. Der har billettsalet gått veldig bra, så om folk vil få ho og bandet hennar med seg må dei vera om seg.

Vidar Johnsen og Hellbillies er ein del av nysatsinga Oktoberfest som Oseana arrangerar i veke 41.

Premiere med Riksteatret

Det er ikkje berre konsertheadliners Oseana får i hus i løpet av hausten.

- Onsdag 19. september har Riksteatret premiére på Fruen fra Havet.

- Dei rykker inn allereie måndagen for rigging og generalprøve for den storslåtte premiéra onsdagen. Det gler vi oss stort til, smiler arrangementssjefen.

Klassiske perler

Det er ikkje berre Riksteatret som legg vegen til Oseana i haust. Frå Askøy kjem Musikalhuset med den folkekjære musikalen Annie (26. og 27/10), Carte Blanche med oktoberdans; Fiction (19/10) og Bergen Filharmoniske orkester med Vilde Frang som solist (23/11).

- I tillegg arrangerar vi ei rekkje med matinékonsertar med dyktige musikarar i foajeen.

Plass til lokale artistar

Sjølv om Steen har gått høgt ut med med fleire store nasjonale namn har ho ikkje glømt det lokale kulturlivet.

- Den store lokale satsinga blir naturleg nok 100-årsjubileet for Henrik Lyssand helga 8. og 9. september.

- Då vil Osbygda få oppleve mykje av det kulturlivet som Henrik Lyssand var ein viktig del av og bidragsytar til, fortel Steen.

På scenen vil mellomanna Os Vocalis, Os spelemannslag og Duspelsamskipnad, Os kulturskule, musikkforeninga, mannskoret, Lysekoret, Blandakoret, pensjonistkoret og kammerkoret vera med.

- Men det er ikkje berre i samband med Lyssandjubileet vi får sjå og oppleve lokale krefter i sving.

- Battle of the Bjørnefjord skal løfta fram ungdomsbanda rundt fjorden. Der har allereie påmeldingane byrja å straume inn.

- Den 27. september kjem Forsvarets Musikkorps Vestlandet med "76Trombones". Dei har henta inn forsterkingar frå fleire av korpsa i bygda.

I tillegg slepp nyvinninga WT Litteraturfestival til 8. - 10. november med Frode Sirevåg, Vidar Bratlund Mæland og Kjetil Fossåskaret i spissen.

Humor av høg klasse

Starten på november står i humoren sitt teikn. I førre sesong var det Christine Koth som inviterte til Damenes aften.

- I år blir det Damenes LATTERgalla med Marit Voldsæter, Lisa Tønne og Cecilie Steinmann Neess på scena 1. november før dei to trubadurane og humoristane Heine Totland og Gisle Børge Styve (kjend frå Beat for Beat på NRK) tek over dagen etter.

Det bør bli to dagar kor latteren sit laust i Oseanasalen.

God jul

Sjølv om det er lenge til jul enno lover Steen å gjera sitt for å få folk i rett stemning når det nærmar seg.

- Nordic Tenors kjem tilbake 2. desember før Sigvart Dagsland og Karoline Krüger vitjar oss fredag 7. desember.

- Programmet slik det ligg no avsluttast med dei dyktige songerinnane i TAUS som har med seg Robert Post for å settja oss i den rette stemninga med framsyninga "JulePost med TAUS 12. desember, avsluttar Steen.

VIDEO, 2:09: Høyr Os Vocalis og direktør Kim Kristoffersen saman med arrangementssjef Berit Steen introdusera haustens program (foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.