E39 Hordfast | 04. okt. 2021

Ramsar opp fordelar med indre trasé i brev til komande regjering

Håper forhandlingsdelegasjonane vil starta ei utgreiing.

Ramsar opp fordelar med indre trasé i brev til komande regjering
Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) har signert brev til komande regjeringsmedlemmar. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. okt. 2021 11:06

Ordførar Trine Lindborg (Ap) og varaordførar Mikal Leigland (Sp) i Bjørnafjorden kommune har i dag oversendt brev til forhandlingsdelegasjonane i Arbeiderpartiet og Senterpartiet, skriv ordførar i ei pressemelding.

– Vi ber dei ta initiativ til å utgreia ferjefri E39, indre trasé via tidlegare Fusa kommune.

«Vi er uroa over at kostnaden blir for høg med omsyn til det økonomiske handlingsrommet regjeringa vil få i åra framover. Vi ber derfor sondering-/forhandlingsdelegasjonane om å ta initiativ til å utgreie Hordfast indre trase via Fusa som eit alternativ til Solberg-regjeringa sitt traséval» skriv dei i brevet.

Så ramsar dei opp fordelar og ulemper med utgåande regjering sitt val, midtre trasé med bru over Bjørnafjorden

Fordel:

  • 15 min kortare reisetid Bergen - Stavanger

Ulemper:

  • Flytebru på s km må byggast som 4-felt, sjølv om det ikkje er trafikkgrunnlag for 4-felt. Dette gjer prosjektet unødvendig dyrt
  • Omfattande vedlikehaldskostnader av 5 km bru til evig tid
  • Store naturinngrep. Vil råke boreonemoral regnskog på Tysnes og skjergarden ved Røttinga
  • Seglingshøgde på 50 meter hindrar skip, plattformar/riggar å nå
    indre delar av Bjørnafjorden. Reduserer mogelegheit for
    næringsutvikling i austre deler av Bjørnafjorden
  • Stor innskrenking i eit av Sjøforsvaret sine viktigaste øvingsområde
  • Bompengar i storleiken 400 kr kvar veg vil ha ein betydeleg
    avvisningseffekt på lokaltrafikk. Vil truleg vere behov for ein
    vesentleg lengre periode med bompengar for å finansiere prosjektet

Lindborg og Leigland ser for seg fleire fordelar med indre trasé:

  • Kan byggast ut etappevis
  • Kan bvggast som 2-felts, (3- eller 4-felts på delstrekk ved behov)
  • Kan koplast saman med E134 «Hordalandsdiagonalen» Odda - Bergen. E134 og E39 kan dele trase frå Eikelandsosen til Bergen.
  • Stor auke i samfunnsnytta for både E134 og E39.
  • Knyter indre og ytre delar av fylket saman
  • 3 timer kortare reisetid Oslo - Bergen med E134 Hordalandsdiagonalen
  • 30 min kortare reisetid Eikelandsosen - Bergen med E39 Hordfast indre trasé

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.