Musikk | 10. sep. 2021

Høyr Waterwagon sin nye låt

Slepp «Wake Up Call» i dag.

Høyr Waterwagon sin nye låt
F.v.: Daniel Birkeland (gitar), Øyvind Hægland (vokal), Magne Lunde (trommer) og Ole Amund Gjersvik (bass). (Foto: Jim Hansen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. sep. 2021 07:14

Det forholdsvis nye bandet Waterwagon har ikkje stått på ein scene sidan slutten av debutåret 2019.

Men dei lager framleis nye låtar.

Tidlegare i sommar kom dei med «The Very First Moment», i dag slepp dei låten «Wake Up Call».

– Noko av det eg er mest opptatt av når det kjem til forureining, er dei store mengdene med plast i havet. Wake Up Call handlar om dette, seier vokalist Øyvind Hægland.

Låten er i dag tilgjengeleg på strøymeplattformer.

Du kan også høyra den, og lesa teksten, på Youtube i ruta under:

Hægland har skrive teksten på denne og førre, altså to av dei fire låtane etter debutalbumet.

– Vi har fått fine tilbakemeldingar frå dei som har fått lytta på førehand. Mange meiner den har radiopotensiale, fortel Øyvind.

RadiOs sender laurdag eit intervju Waterwagon tidlegare gjorde med Ordentlig Radio.

Ordentlig Radio blei starta i 2012, etter eit initiativ av den kjente norske musikaren Øystein Sunde og programleiar Tor Andersen frå P4. Seinare har artistar som Helene Bøksle, Terje Formoe og Halvdan Sivertsen blitt medeigarar.

Waterwagon består i dag av:
Øyvind Hægland - vokal
Magne Lunde – trommer og perkusjon
Ole Amund Gjersvik – bass
Daniel Birkeland - gitar

Daniel Birkeland er også produsent, og produserte debutalbumet til Waterwagon.

Sist Waterwagon sto på ein scene var på Madam Felle på tampen av 2019.

– Vi hadde ein flott releasekonsert på Baronessen (no Elvehuset) hausten 2019, med fullt hus og flott stemning. Også spelejobben på Madam Felle blei fin, og vi fekk tilbod om fleire datoar. Men vinteren blei roleg, og så kom pandemien, forklarer Hægland.

– Er det booka nokre nye spelejobbar?

– Nei. Vi har vore i dialog med nokre aktuelle, men har foreløpig ikkje takka ja. Det er også mogleg at vi ventar til våren, då har vi fleire nye låtar, kanskje eit heilt album klart.

Låten som kom tidlegare i sommar, er supplert med video-opptak frå Myrkdalen. Her kan du høyra å sjå «The Very First Moment»:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.