Brann og beredskap | 15. apr. 2024

I dag starta det generelle bålforbodet

– I fjor hadde vi tre gongar så mange skog- og terrengbrann som året før.

I dag starta det generelle bålforbodet
Det er forbode med bålbrenning frå i dag, men med visse unntak. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 15. apr. 2024 16:27

I dag er det 15. april og det generelle forbodet mot å brenna bål i skog og mark slår inn.

Forbodet gjeld fram til 15. september.

– I fjor hadde vi tre gongar så mange skog- og terrengbrann som året før, fortel brannsjef Espen Storum.

– Når det først er tørt ute må folk vera særleg varsame.

Ta førehandsreglar

Brannsjefen oppfordrar alle til å ta førehandsreglar.

– Vi kjem til å følgja situasjonen tett. I fjor var det ekstra tørt, og vi måtte setja inn ekstraordinært forbod.

Sjølv om det er bålforbod er det ikkje forbod mot små hagebål eller open eld i fjøresteinane.

Din siste flamme kan tennast i dag. Med nokre unntak. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògNokre bål treng du ikkje søkja om

Du treng ikkje søka om brenning av hageavfall eller sankthansbål.

Men hugs; du er ansvarleg.

Vêr og vind

Storum oppmodar folk om å vera varsame og oppsøka informasjon om dei skal laga bål.

– Sjekk vêrmelding og forholda rundt deg. Viss vêret tillater å laga bål, er det likevel viktig å ha nok vatn. Sjekk at bålet er skikkelig sløkt før du forlet det. Forlat aldri eit bål som ikkje er sløkt.

– Folk må vera flinke å forebygga. Store brannar krev store ressursar, fortel Storum.

Brannsjefen forstår at mange blei skuffa då det i fjor ikkje var lov med sankthans-bål.

– Vi veit at konsekvensane i andre enden er endå større, om det skulle gå gale.

Kommunen har òg sin eigen rettleiar for bålbrenning. I denne står det blant anna:

Brenning av hageavfall

Du kan brenna hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenne søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast til gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.

Sankthans-bål

Du treng ikkje søkja brannsjefen om løyve til å brenna bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov.

  • Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
  • Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg.
  • Ein ansvarleg vaksen må vera til stades.
  • Det er ikkje lov å brenna søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.

Du kan lesa meir om bålbrenning i Bjørnafjorden på kommunen si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.