Vêret i Os | 29. nov. 2021

I ettermiddag skal det snø tett

Melder nedbør og frisk bris i ettermiddag.

I ettermiddag skal det snø tett
Rundkøyringa ved Meny og Uno X 10. januar i år. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 29. nov. 2021 12:44

Kulden kom som meldt før helga, men snøen var berre nokre få flak seint torsdag kveld.

Men i ettermiddag skal det bli kvitt på bakkane i Os.

Vinden skal auka frå 15-tida, frå 16-tida skal det snø samanhengande til rundt midnatt.

Vindstyrken skal opp i 9,5 m/s (frisk bris) på det kraftigaste, men skal løya noko etter klokka 21.

Vinter ut veka

Tysdag er det meldt 3-4 varmegradar og skyfri himmel.

Frå tysdag kveld og ut veka skal det vera opphaldsvêr og 1 til 5 kuldegradar.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.