Sport | 28. mai 2023

Erling i EM: I mål rett bak bronsevinnar

SLOVENIA: Erling Holst Øyasæter og resten av den norske dobbeltfiraren viste styrke i EM.

Erling i EM: I mål rett bak bronsevinnar
Norge sin dobbeltfirar i midten, rett bak i Italia i oppsamlinga, altså andre forsøk på å ta seg til A-finale. (Foto: Erik Øyasæter)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. mai 2023 07:54

Norge stiller med heile sju lag i årets EM i roing, som blir arrangert i Bled i Slovenia.

Blant laga er herrane sin dobbeltfirar (M4x), som består av Jonas Juel (Norske Studenters Roklub), Erling Holst Øyasæter (Os Roklubb), Martin Helseth (Ålesund) og Erik Solbakken (Moss).

– Jonas, Erling, Martin og Erik var å finna i same båt også i VM i fjor, så seint som i september. Då hadde dei litt utfordringar med sjukdom. No har dei hatt ein vinter på seg, og det er fleire utøvarar som har kjempa om plass i denne båten, skreiv landslagsleiinga på roing.no før avreise.

Tøff konkurranse om A-finaleplass

12 nasjonar deltok i dobbetlfirar. I forsøket gjekk berre den beste båten direkte til finale.

Norge hamna i forsøk mot blant andre Nederland, som vann OL i Tokyo, og Polen, som vann VM i fjor.

Landslaget. Erling er nummer to frå venstre. (Foto: Norges Roforbund)
Landslaget. Erling er nummer to frå venstre. (Foto: Norges Roforbund)

Nederlenderane vann forsøket, Polen tok andreplassen og Norge hamna på 3. plass i pulja, framfor Sveits og Kroatia.

I oppsamlinga fekk dei ein siste sjanse til å ta seg til A-finale, men der var Italia ei halv båtlengde framfor.

Italia tok seinare 3. plass i A-finalen og fekk dermed bronse i EM.

Siger i B-finalen

I B-finalen kjempa Norge mot Sveit og Kroatia igjen, saman med Tyskland og Litauen.

Norge kom i mål til 1. plass, 81 hundredelar før Tyskland og over to sekund før Litauen på 3. plass.

Med siger i B-finalen endta Norge totalt på 7. plass.

– Dette er eit sterkt resultat, og det lovar godt for resten av sesongen og OL-kvalifiseringa, seier Lars Erik Jansen, rosjef i Os Roklubb.

Neste utgåve av Olympiske sommerleker er i Paris 26. juli til 11. august 2024. Kvalifisering for roarane er under VM i Beograd i Serbia 3. til 10. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.