Meining | 07. sep. 2023

Ikkje gløym fylkestingsvalet

DEBATT: Så lenge fylkeskommunen er der, står FrP for viktige prioriteringar.

Ikkje gløym fylkestingsvalet
Bahus og Søviknes. (Foto: Bjørnafjorden FrP)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2023 20:01

I årets lokalval er det naturleg nok kommunevalet som er i fokus, men ikkje gløym at fylkestingsvalet også påverkar kvardagen din.

Fremskrittspartiet vil primært leggja ned heile fylkeskommunen, og meiner at Norge med vel 5 millionar innbyggjarar kunne klart seg med sterke kommunar og staten. Det ville spart oss for mykje byråkrati.

Men så lenge fylkeskommunen er der, står FrP for viktige prioriteringar.

I år går vi til val på fire hovudsaker;

  • FrP vil løyva 500 millionar kroner meir pr år til fylkesvegane våre - totalt 2 milliardar kroner til auka reasfaltering, rassikring, trygg skuleveg og investering i nye fylkesvegprosjekt. Standarden på kvardagvegane våre er ei skam, og vedlikehaldsetterslepet stort i heile Vestland.
  • FrP vil ha eit godt kollektivtilbod m/buss, snøggbåt og ferje i heile Vestland. Alt kan ikkje handla om bybane i Bergen. Distrikta skal også ha eit tenleg kollektivtilbod. Vi prioriterer hyppige avgangar, låge billettprisar og kortast mogeleg reisetid for dei reisande framfor rådyre klimatiltak i kollektivsektoren.
  • FrP vil innføra fritt skuleval i heile Vestland, og satsa meir på yrkesretta studietilbod. Vi vil at ungdommen vår sjølv skal ha fridom til å velja både kva skule dei skal gå på, og kva studieretning dei vil ta. Det er deira framtid det handlar om.
  • FrP vil ha ei gjennomgåande JA-haldning i arealsaker - fylkeskommunen skal ikkje vera ein overkommune som fremjar motsegner til kommunane sine planar. Vi skal leggja til rette for bustad, næring og arbeidsplassar, og ynskjer færre og enklare regionale planar.

Kort og godt vil vi leggja til rette for vekst og utvikling i verdiskapingsfylket Vestland!

I Bjørnafjorden er det også viktig å få inn lokale kandidatar på fylkestinget.

Vi er klar for å tala di sak i fylkeskommunen. Bruk difor stemmeretten din også ved fylkestingsvalet – stem FrP i Vestland!

Terje Søviknes (FrP)
1. kandidat

Gustav Bahus (FrP)
9.k andidat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.