Meining | 07. sep. 2023

Prioritering hjå Frp?

DEBATT: Kanskje FrP meiner at valflesk må ha litt ekstra krydder?

Prioritering hjå Frp?
Inge Hjertaas. (Foto: arkiv/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2023 13:41

I programmet for Bjørnafjorden FrP kan eg lesa at partiet vil «prioritera det viktigaste først». Ordet «prioritera» betyr vel i seg sjølv å setja det viktigaste først, så forklaringa er vel då unødvendig? Eller kanskje FrP meiner at valflesk må ha litt ekstra krydder?

Eg fekk med meg NRK si utspørjing av Terje Søviknes 23. august. Der fekk han spørsmål om prioritering av store samferdselsprosjekt, men her nekta han plent å prioritera.

I staden ramsa han opp fem store prosjekt, men utan rangering. Ferjefri E39 og K5-løysinga for er E16 Arna-Voss er på FrP-lista, saman med E134 Haukelidvegen, Ringveg Øst m/Nordhordlandstunnel og Stad skipstunnel.

Å koma med ei slik pakke, utan å ta standpunkt, er jo reinhekla populisme – ja til alle.

Kva med eit lite tilbakeblikk?

Frå heimesida til Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden:

Visste du forøvrig at i møtet for det avtroppande kommunestyret i Os kommune den 24. september 2019, altså to veker etter valet den 9. september som gav eit heilt anna fleirtal i det påtroppande kommunestyret, tvang Framstegspartiet og Høgre gjennom eit vedtak om statleg detaljreguleringsplan for E39 Os-Stord?

Dette gjorde Framstegspartiet og Høgre vel vitande om at det var fleirtal mot vedtaket i det nyvalde kommunestyret.

Dette var jamvel imot Statens vegvesen si tilråding om at det burde vera kommunalt planmyndigheit for det vidare arbeidet med Hordfast. Slik prøvde Frp og H å sikra at kommunen ikkje lenger skulle ha noko å seia i planarbeidet med ny E39 gjennom kommunen.

Så mykje er altså det lokale sjølvstyret verdt for Frp og H. Her kasta altså Os FrP saman med Høgre som trufaste rævediltarar, lokaldemokratiet på båten. Folkemeininga ville dei altså ikkje ta omsyn til, at fleirtalet i kommunen ikkje ønskjer dette Hordfast-alternativet.

Dette fortel jo mykje om kva syn dei to partia har på lokaldemokrati.

Eit anna, viktig tilbakeblikk: Den 1. april 2014 la Jernbanedirektøren og vegdirektøren fram konseptvalutgreiinga for ny veg og jernbane Arna-Voss (K5) for dåverande samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP).

Både Gustav Bahus som leiar av samferdselsutvalet i Hordaland og eg som infomedarbeidar i Jernbaneverket var blant dei heldige som fekk vera til stades i møtet.

I oppsummeringa presiserte ministeren at det er mange, store prosjekt på ønskjelista i Hordaland, så her må ein vera førebudd på å prioritera.

I forbifarten etter møtet nemnde eg dette for Gustav Bahus, høyrde du kva han sa om prioritering? «Vi skal ha begge deler», svara Gustav-en.

Kanskje han burde ha høyrd på ministeren sin her?

Inge Hjertaas
Hagavik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.