Kultur | 26. okt. 2017

Ikkje kven som helst får koma inn

Laurdag er det premiere på årets revy på Haugland.

Ikkje kven som helst får koma inn
Iain Parker som St Peter. Lurer du på kven som prøver å koma inn? Laurdag er det premiere. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. okt. 2017 08:17

Bildeserie:

Laurdag såg dei konkurrenten Helgesen, søndag var dei slitne. (Foto: KVB)
Laurdag såg dei konkurrenten Helgesen, søndag var dei slitne. (Foto: KVB)
Revygruppa håper dei har laga eit feitt show. (Foto: KVB)
Revygruppa håper dei har laga eit feitt show. (Foto: KVB)
F.v.: Camilla, Jan Helge, Karianne, Marie, Iain, Kristine, Linda og Runar. (Foto: KVB)
F.v.: Camilla, Jan Helge, Karianne, Marie, Iain, Kristine, Linda og Runar. (Foto: KVB)
1 av 3
Laurdag såg dei konkurrenten Helgesen, søndag var dei slitne. (Foto: KVB)
Revygruppa håper dei har laga eit feitt show. (Foto: KVB)
F.v.: Camilla, Jan Helge, Karianne, Marie, Iain, Kristine, Linda og Runar. (Foto: KVB)

I konkurranse med Oseana, der Thomas Helgesen, Christine Hope og Dagfinn Lyngbø kappast om å selja fulle hus, tikkar det no mot premiere for «Sånn går no dagan», 23 sketsjar av revygruppa i Søre Neset ungdomslag.

– Thomas er ikkje berre konkurrent, han øydela nesten øvinga i dag, seier tekstforfattar og primus motor på Søre Neset, Runar Drønen, om den lokale standupstjerna frå Nore Neset.

– Vi var heile gjengen og såg premiera hans i går, og det blei ein lang kveld.

Midtsiden var utom på øvinga søndag. Ei sliten revygruppe sa seg nokolunde nøgd med den siste øvinga, og håper å få tatt siste finpuss på generalprøven i morgon.

– Det er eit yrande liv i ungdomshuset heile veka, med dans, bingo og ballett, så vi slepp ikkje til på fleire øvingar no.

Ny musikk

Etter generalprøve for venar og familie fredag er det premiere laurdag. Revyen blir vist laurdag, med pub og levande musikk ved Tommy og Tiger'n (Espen Bakketeig) etterpå.

– Dei siste åra har vi hatt Steinar Lyssand som musikant under revyen. Mister Lightsand er svært opptatt for tida, men vi har fått med oss Espen både på revyen og til puben etterpå.

Neste helg er det revy både fredag og laurdag, laurdagen etterfølgd av pub med Johny Olsen Band på scenen.

Frå 11 til 8 på scenen

Det er åttande året på rad med revy med den gruppa som er der i dag, men nokre justeringar har det vore frå år til år.

– I fjor var vi 11, i år er vi 8. Det er heilt greit, det blei ein del venting då vi var 11 skodespelarar som skulle skifta på å vera på scenen.

Årets skodespelarar er: (f.v. på bildet i serien over) Camilla Haugland, Jan Helge Kordts, Karianne Sæthre, Marie Ellingsen, Kristine Tikkanen, Iain Parker, Linda Nytræ og Runar Drønen.

Song av Magnar «Maggen» Lien

Drønen førebur det meste av idear og tekstar til revyane. 4-5 veker før start samlast gruppa til diskusjon og raffinering av ideane, og så er det to veker med øving.

– Noko av materialet har vore brukt før, her og på Austevoll, men er justert litt på. Anna er heilt nytt.

Søviknes sitt beinbrot og Hamnesjefen sin avskjed har naturlegvis ikkje gått tekstforfattaren hus forbi. Det har heller ikkje kommunesamanslåinga.

– Tafsaren tar seg ein tur til Fusa i år.

Som avslutting på kvelden har revygruppa adoptert ei vise av lokalkomikaren Magnar «Maggen» Lien, «Skrytesongen om Os», brukt på revyar for mange år sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.