Politi | 14. jan. 2022

Ingen førarkortbeslag etter kjedekollisjon

Alle tre var edru.

Ingen førarkortbeslag etter kjedekollisjon
Ulykka skjedde på Byvegen ved fotgjengarfeltet frå Stegen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. jan. 2022 08:54

Klokka 14.20 torsdag var tre bilar involvert i eit trafikkuhell på Byvegen i Os sentrum.

– Ingen personar blei skadde, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ein liten personbil hadde stoppa for fotgjengar, ein lastebil som kom bak stoppa også opp.

– Men det gjorde ikkje den bakerste, ein varebil. Den køyrde i lastebilen som igjen trilla inn i personbilen nærmast fotgjengarfeltet.

(Foto: Ørjan Håland)
(Foto: Ørjan Håland)

Alle tre har førarkort, alle tre var edru.

– Det er førebels ikkje tatt beslag i noko førarkort, opplyser Lyssand.

Vêret sette så vidt eit lite preg på natta.

I Lysefjorden velta eit tre over vegen, i Hegglandsdalen blei eit anleggsgjerde tatt av vinden.

Treet velta nær svingen nærmast Lyse kloster-ruinane retning Åsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògTre velta over Lyseklostervegen i natt

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.