14. juni 2023

Innbrot hos Midtsiden tysdag kveld

Tok seg inn via stillas. I dagslys.

Innbrot hos Midtsiden tysdag kveld
Politiet har funne fleire avtrykk og spor på staden, innandørs og ute. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. juni 2023 09:25

Tysdag i 21.30-tida blei det oppdaga at nokon har tatt seg inn på Midtsiden sitt kontor i Smiegården, i 4. etasje over Jernia.

Underteikna gjekk frå kontoret klokka 16.50, for å dekka demenskoret sin konsert i Oseana, og kom tilbake ei dør som var låst, som den skulle vera, men eit vindauge på vidt gap, rundt klokka 21.30.

Politiet kom for å sikra spor onsdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Politiet kom for å sikra spor onsdag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eitt videokamera og fire fotoapparat er sakna (Sony videokamera og fotoapparat av typen Sony a6000, Sony a6300, Canon 5d Mark 2 og Canon 5d Mark 1).

Samla nypris på det stolne utstyret er på rundt 100.000 kroner.

I tillegg var noko lydutstyr til videokamera vekke, men ein del av dette blei funne igjen nedover i stillaset.

Noko av utstyret blei funne igjen i stillaset, men ikkje dei fem kameraene. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Noko av utstyret blei funne igjen i stillaset, men ikkje dei fem kameraene. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)

Det er stillas rundt Smiegården, i samband med skifte av tak og vindauge på bygget, og det er tydeleg at vedkomande som har hatt nytte av dette.

Huseigar blei varsla tysdag kveld. Det er så langt ikkje teikn til innbrotsforsøk i nokre av dei andre etasjane.

Vi fekk kontakt med politiet tysdag kveld, onsdag morgon kom dei for å sikra spor.

Saka er meldt og politiet er interesserte i tips.

Innbrotet har skjedd tysdag 13. juni, ein gong mellom klokka 16.50 og 21.40, altså i dagslys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.