Festivalar | 19. feb. 2022

Klare for Øyafest

Slepp sitt andre band til sin første festival.

Klare for Øyafest
Gunslingers speler på Sundøy Arena fredag 5. august. F.v.: Nikolai, Jan Ove, Frode M., Dag, Frode A. og Tore. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. feb. 2022 19:00

I november blei det kjent at Osbygda får ein ny festival. Øyafest blir spelt på Sundøy Arena fredag 5. august.

I desember kom første band, Vestlandsfanden, på plakaten. I kveld slepp dei neste.

– Me er veldig glade for å få Gunslingers til Øyafest! seier styreleiar i den nye festivalen, Tommy Aasen.

– Dei sto høgt på ønskjelista. Det er mange i Øyane og resten av Os som liker dette fine hardangerbandet og musikken deira, og dei var heldigvis ledige.

Gunslingers kjem rett frå countryfestivalen i Seljord til Øyane første fredagen i august.

Tilbake til nabokommunen

Gunslingers er eit norsk pop-country-band med rot i Tørvikbygd i Hardanger, drygt 30 kilometer frå kommunegrensa mellom Kvam og Bjørnafjorden.

Låtane, med titlar som «Hiakktreff på Osterøy» og «Viagra, Biff og Bernaisesaus», går på Hardanger-dialekt med ein god dose humor.

Dei har spelt på Os før, to år på rad då Osfest-arrangørane hadde romjulskonsertar i Nore Neset Aktivitetshus.

Gunslingers på Nore Neset i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Gunslingers på Nore Neset i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Då var cowboyhatt-faktoren høg.

– Du må ikkje ha hatt på deg, berre du har med deg godt humør. Men du kan jo bli i godt humør av å ha på deg hatt, seier låtskrivar og frontfigur Frode Måkestad.

Det har vore noko utskifting sidan starten i 2008.

Gunslingers består i dag av: Frode Måkestad (vokal og kassegitar), Jan Ove Johansen (el-gitar og vokal), Dag Wolf (pedal steelgitar), Nikolai Storevik (fiolin), Tore Mæhle (bass) og Frode Andreassen (trommer).

Frå ferjekonsert til fjøresteinane

Måkestad gler seg til ein vår og sommar som går mot det normale etter to år med pandemi.

– Me har halde hjula i gang, så langt det let seg gjera. Det beste me gjorde under pandemien var nok «boat-in-konsert» frå ferja. Det var vellykka, med 2x600 selte billettar, det einaste overskotsprosjektet desse to sesongane.

Måkestad har også fått skrive litt under pandemien, men ikkje noko som har blitt spelt inn.

Dei har likevel med seg rimeleg fersk musikk til fotballbanen nær fjøresteinane på Sundøy.

Førre album, «Bukkejakt», kom i 2020, nokre veker før landet gjekk i første koronapause.

– Kan vi rekna med scenepyro?

– Ja, det skal nok smella i Øyane òg, seier Frode Måkestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.