Kultur | 15. apr. 2021

Klart for utepils i bygda

No vert det mogleg å nyta ei utepils i Os sentrum. Sjå kven som opnar i morgon.

Klart for utepils i bygda
No kan osingane endeleg nyta ei utepils i sentrum. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 15. apr. 2021 14:18

Med fleire nedstengningar og forskjellige restriksjonar dei siste vekene, vert det no lov med alkoholservering. Fleire av dei lokale restaurantane har halde stengt, eller hatt ulike formar for tilbod innan takeaway.

Men no blir det opna opp att hos dei fleste, og uteserveringa med blant anna alkohol, står sjølvsagt i fokus.

– Vi opnar, men foreløpig berre første etasje, som kafé, seier Jostein Eck.

Catten Nightclub ventar på fase to, når det blir lov å skjenka til midnatt.

– Det blir rotete å prøva å retta seg etter skjenking til klokka 22, å for eksempel måtta stenga dørene i sportsbaren midt i andre omgang på ein fotballkamp, seier Bjarte Andersen.

Jostein Eck opnar Elvehuset igjen, men foreløpig berre restauranten på gateplan. (Foto: ØH)
Jostein Eck opnar Elvehuset igjen, men foreløpig berre restauranten på gateplan. (Foto: ØH)

Andre vel å opna, og gler seg over sol og plussgradar.

– Vi opnar opp for servering med litt meir begrensa meny enn vi har til vanleg. Det blir éin lunsjmeny og éin middagsmeny. Vi kjem i tillegg til å halda fram med takeaway, seier Peter Moesgård frå Havnechefen.

– Med flott vêr dei neste dagane vart det veldig god timing med å setja i gang med alkoholservering. Vi held taket stengd, men her nede har vi plass til kring 50 personar. Det har kome mange reservasjonar allereie, så dette gler vi oss til, seier Peter.

Peter Moesgård på Havnechefen. (Foto: ØH)
Peter Moesgård på Havnechefen. (Foto: ØH)

Held ope til midnatt

Ilya har halde ope heile påsken, men gler seg over å kunna tilby skikkeleg uteservering. Med Peppes og Havnechefen som begge stenger dørene ved skjenkestopp, vilIlya halda på gjestane lengst mogleg.

– Vi gler oss veldig til å opna opp att for uteservering, og at folk kan få nyta ein pils ute i sola. Vi stengjer dørene kring midnatt, seier Esraa Hameed frå Ilya.

Esraa Hameed på Ilya. (Foto: ØH)
Esraa Hameed på Ilya. (Foto: ØH)

Vårreingjering

På Peppes var vårreingjeringa i full gang på uteplassen.

– Vi har hatt ope heile vegen, men no blir det nok meir liv på uterestauranten.

– Dette blir flotte greier, vi gler oss til at folk kan nyta ein «kald ein» ute på den flotte plassen vår, seier Anders Waage frå Peppes

Plassen på Peppes blir spylt og klargjort til opninga i morgon. (Foto: ØH)
Plassen på Peppes blir spylt og klargjort til opninga i morgon. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.