Næringsliv | 05. apr. 2013

Knallstart for Leigland

Byggestart allereie neste veke: 8 av 20 leilegheiter i "Solsio sameige" blei selt før lansering fredag, og 8 nye interessentar har meldt seg til no i dag.

Knallstart for Leigland
Her kjem "Solsio sameige". (Foto: Brick Visual)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. apr. 2013 11:04

– Vi har ikkje vore med på liknande god start sidan Lurane senior, seier Arild Vikøyr, dagleg leiar hos Privatmegleren Bjørnefjorden.

Les òg: Bygger 20 hus på Solsiden

Rundt midnatt natt til fredag blei dei 20 eksklusive husværa i Hamnevegen lagt ut for sal. Utbyggar er Leigland Bygg, Abo plan og arkitektur står for designen.

– Godkjenninga kom for rundt ein månad sidan. 8 hus blei selt før annonseringa starta og i dag har vi blitt kontakta av 7-8 nye interessentar, seier Vikøyr.

Frå 2,8 millionar

Prosjektet får innkjørsel frå Hamnevegen, rett ved Vindu mot Fjorden, og inn i eit garasjeanlegg som går under nesten heile bustadarealet på den rundt to mål store tomta.

Byggmassen har frå 2 til 5 etasjar. Den nest høgaste får golv 15,2 meter over havskorpa, øvste etasje kjem til å ligga på kote 18,1. Til samanlikning er golvet i husværa på taket på Irisgården på kote 13,8.

Leilegheitene er frå 63 til 92 kvadratmeter og ligg frå 2.790.000 til eit stykke over 5 millionar kroner.

– Leilegheita til tomteseljar er på rundt 120 kvadrat, i tillegg er det til no selt ein på rundt 90 kvadrat og seks på rundt 65 kvadratmeter, seier Vikøyr.

Byggestart over helga

8 av 20 er uansett nok til at Leigland startar byggeprosessen allereie neste veke.

Byggearbeidet startar med riving av bygningane til tomteseljar Hogne Eide, bustaden og Os Trevare.

Les òg: Os Trevare på tampen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.