Lokal | 06. mai 2019

Kom med budsjettlekkasje som Os får glede av

Regjeringa vil sponsa kjøkken på Luranetunet.

Kom med budsjettlekkasje som Os får glede av
Siv Jensen røpte at regjeringa vil vera med og finansiera kjøkken på sjukeheimane i Noreg, inkludert Luranetunet i Os. (Foto: Laila Reiertsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2019 07:57

Under landsmøtet til Frp i helga, der Terje Søviknes blei valt til andre nestleiar, kom partileiar Siv Jensen med ein budsjettlekkasje.

– Staten vil delta i finansiering av eige kjøkken på sjukeheimane i landet, seier Terje Søviknes.

– Dette vil Os og seinare Bjørnafjorden kommune få glede av! Detaljane er ikkje klare, men slik eg forstår det vil Staten ta halve rekninga.

Både Siv og Sylvi skal ha gitt skamros til Os kommue under landsmøtet, og kalla Luranetunet i Os for Noregs og Verdas (Sylvi) beste sjukeheim.

Nøgd og undrande opposisjon

I desember i fjor blei forprosjekt på kjøkken på Luranetunet lagt inn med 500.000 kroner. Trine Lindborg (Ap) tok til orde for å setja av 5,7 millionar kroner til realisering, noko som fekk Søviknes til å spørja kvar ho hadde denne summen frå.

Lindborg, som i desember 2017 var skuffa over at posisjonen ikkje ville ta inn kjøkken i budsjettet, reagerte etter vedtatt budsjett i desember 2018 på ei formulering om tolmod i eit lesarinnlegg av Laila Reiertsen, som sa seg nøgd med å få kjøkken inn i budsjettet, trass i at Frp og Høgre i fleire rundar tidlegare har stemt ned opposisjonen sine forslag om eige kjøkken.

No er det uansett på gang, og rekninga blir delt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.